Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 4/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator (K2) auka med 10,5 prosent (105,1 milliardar kroner) dei siste 12 månadene fram til utgangen av februar i år, mot 10,1 prosent (101,0 milliardar kroner) den føregåande 12-månadersperioden. Ved halvårsskiftet i fjor var 12-månadersveksten 9,4 prosent.

Ein auke på 10,5 prosent er den høgaste veksttakten ein har hatt sidan hausten 1988. Den sterke veksten i kredittindikatoren stadfester det bilete Noregs Bank har teikna av ein økonomi i sterk vekst og med klare presstendensar, seier sentralbanksjef Kjell Storvik i ein kommentar.

Den underliggande veksten var 9,4 prosent i februar. Denne vekstraten var uendra frå månaden før, og ligg framleis noko lågare enn på sitt høgste ved halvårsskiftet i fjor.

Den registrerte pengemengda (M2) som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 8,6 prosent dei siste 12-månadene fram til utgangen av februar. Ved utgangen av januar var tolvmånadersveksten 8,3 prosent. Dei relativt høge vekstratene dei siste to månadene heng til ein viss grad saman med at ein hadde svært låge tal dei tilsvarande månadene i fjor.

Den underliggjande veksten i M2 var 8,8 prosent i januar mot 8,1 prosent månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månaders løpetid 4,1 prosent 31. mars. Den effektive tremånadersrenta var 4,2 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 4,5 prosent. Frå 27. februar til 31. mars auka eurokronerentene for tre månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar. Einmånaders- og tolvmånadersrenta var uendra over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,2 prosenteiningar 31. mars, medan differansen var -0,4 prosenteiningar 27. februar.

I perioden frå 27. februar til 31. mars styrka kronekursen seg med 0,8 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 102,2 og 103,5. Målt ved den effektive kronekursen til industrien styrka verdien til den norske krona seg med 0,4 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 4,5 milliardar kroner i perioden frå og med 23. februar til og med 20. mars. Dei private bankane selde i same perioden valuta til utlandet for 5,3 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innanlandske kundar for 13,8 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 184,2 milliardar kroner ved utgangen av februar 1998, samanlikna med 180,5 milliardar kroner ved utgangen av januar 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. april 1998 00:00