Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr.3/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator (K2) auka med 10,1 prosent (100,5 milliardar kroner) dei siste 12 månadene fram til utgangen av januar i år, mot 10,2 prosent (101,3 milliardar kroner ) den føregåande tolvmånadersperioden. Ved årsskiftet 1996/97 var tolvmånadersveksten 6,2 prosent (58,0 milliardar kroner) og ved halvårsskiftet i fjor 9,4 prosent (90,4 milliardar kroner).

Den underliggjande veksten var 9,4 prosent i januar. Dette var ein nedgang på 0,4 prosenteiningar frå desember etter at desembertalet er oppjustert i høve til det vi tidlegare har publisert.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 8,1 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av januar. Ved utgangen av desember var tolvmånadersveksten 4,6 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 7,9 prosent i januar mot 5,0 prosent månaden før.

Rentene i kredittmarknaden endra seg lite i fjerde kvartal 1997. Utlånsrentene i bankane gjekk litt ned , medan innskotsrentene auka svakt. Rentemarginen viste dermed også dette kvartalet ein liten nedgang. I 1997-sett under eitt- vart utlånsrentene reduserte med 0,7 og innskotsrentene med 0,5 prosentpoeng. Rentemarginen gjekk såleis ned med 0,2 prosentpoeng i 1997 til 3,15 ved utgangen av året. Utlånsrentene i bankane låg ved utgangen av året på 6,0 prosent og innskotsrentene på 2,85 prosent. Livselskapa og kredittføretaka sine utlånsrenter var 5,3 og 6,25 prosent.

Hushalda sin finansrekneskap for 3. kvartal 1997 viser at nettofinansinvesteringane var på vel 19 milliardar kroner i 1-3. kvartal 1997, mot vel 20 milliardar kroner i same perioden i 1996. Nettofordringane auka med vel 50 milliardar i 1-3. kvartal 1997, og mykje av auken kan tilskrivast kursgevinstar på aksjar og partar i verdipapirfond. I 1-3. kvartal 1996 auka nettofordringane med vel 25 milliardar kroner.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein og tre månaders løpetid 4,1 prosent 27. februar. Den effektive tolvmånadersrenta var 4,5 prosent. Frå 30. januar til 27. februar auka eurokronerentene for tre og tolv månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar. Einmånadsrenta auka med 0,3 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,4 prosenteiningar 27. februar, medan differansen var -0,7 prosenteiningar 30. januar.

I perioden frå 30. januar til 27. februar svekka kronekursen seg med 0,4 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 102,2 og 103,3. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 0,3 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 5,42 milliardar kroner i perioden frå og med 26. januar til og med 20. februar.

Førebels tal viser at Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 180,5 milliardar kroner ved utgangen av januar 1998, samanlikna med 171,4 milliardar kroner ved utgangen av 1997.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 2. mars 1998 00:00