Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 2/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 9,9 prosent (98,6 milliardar kroner) dei siste 12 månadene fram til utgangen av 1997, mot 9,6 prosent (94,7 milliardar kroner ) den førre tolvmånadersperioden. Ved årsskiftet 1996/97 var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,3 milliardar kroner). Den underliggjande veksten fall frå 9,8 prosent i november til 9,3 prosent i desember.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 4,7 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av desember. Ved utgangen av november var tolvmånadersveksten 6,4 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 6,8 prosent i desember mot 11,8 prosent månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,8 prosent og effektiv tremånadersrente 4,0 prosent 30. januar. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,4 prosent. Eurokronerentene for ein og tolv månaders løpetid var dei same 30. januar som 31. desember. Tremånadersrenta auka med 0,1 prosenteiningar frå 31. desember til 30. januar. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,7 prosenteiningar 30. januar, medan differansen var -0,8 prosenteiningar 31. desember.

I perioden frå 31. desember til 30. januar svekka kronekursen seg med 1,5 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 100,9 og 102,7. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 1,9 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 3,5 milliardar kroner i perioden frå og med 29. desember til og med 23. januar. Statistikken syner at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 18,0 milliardar kroner og frå innlendingar for 12,7 milliardar kroner.

Foreløpige tal viser at Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 171,4 milliardar kroner ved utgangen av desember 1997, samanlikna med 226,8 milliardar kroner ved utgangen av november 1997. Ved årsskiftet blei det overført 62,2 milliardar kroner frå Noregs Banks internasjonale reservar til Statens Petroleumsfond. Statens Petroleumsfond motsvara verdien av 113,3 milliardar kroner ved utgangen av desember 1997.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 2. februar 1998 00:00