Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 12/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 9,8 prosent (95,8 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av oktober, mot 9,5 prosent (93,0 milliardar kroner) i tolv-månadersperioden september 1996 - september 1997. Ved årsskiftet var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,3 milliardar kroner). Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av årets ti første månader gjekk indikatoren opp med i alt 88,2 milliardar kroner, mot 50,0 milliardar kroner i tilsvarande periode i fjor. Den underliggjande veksten auka frå 9,8 prosent ved utgangen av september til 10,1 prosent ved utgangen av oktober.

Dette stadfester inntrykket av sterk etterspørselsvekst i norsk økonomi, konstaterer sentral-banksjef Kjell Storvik. Ein veksttakt mellom 9 og 10 prosent inneber at den innanlandske kredittveksten klart ligg i overkant av den nominelle veksten i norsk økonomi.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 5,6 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av oktober. Ved utgangen av september var tolvmånadersveksten 7,5 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 8,7 prosent ved utgangen av oktober, mot 11,6 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,7 prosent og effektiv tremånadersrente 4,0 prosent 28. november. Eurokronerenta for tolv månaders løpetid var 4,5 prosent. Frå 31. oktober til 28. november fall eurokronerentene med 0,1 prosenteiningar for ein, tre og tolv månaders løpetid. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,8 prosenteiningar 28. november, medan differansen var -0,6 prosent-einingar 31. oktober.

I perioden frå 31. oktober til 28. november svekka kronekursen seg med 0,7 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 99,95 og 100,95. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 0,4 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 3,9 milliardar kroner i perioden frå og med 27. oktober til og med 21. november. Statistikken syner at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 15,9 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 9,4 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 220,2 milliardar kroner ved utgangen av oktober 1997, samanlikna med 212,3 milliardar kroner ved utgangen av september 1997.

Så vel bankane sine utlånsrenter som deira innskuddsrenter gjekk opp i tredje kvartal 1997. Utlånsrentene auka såleis med 0,27 prosenteiningar til 6,06 prosent ved utgangen av kvartalet. Rentene på bankinnskot steig med 0,29 prosenteiningar og var 2,83 prosent ved utgangen av perioden. Rentemarginen fall dermed med 0,02 prosenteiningar til 3,23 prosent. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk opp med 0,24 prosenteiningar i tredje kvartal og var 5,30 prosent ved utgangen av kvartalet. Kredittføretaka sine utlånsrenter auka med 0,06 prosenteiningar i den nemnde perioden til 6,25 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låne-institutta fall med 0,52 prosenteiningar og var 3,99 prosent ved utgangen av tredje kvartal.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. desember 1997 00:00