Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 11/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 9,5 prosent (92,7 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av september, mot 9,2 prosent (89,3 milliardar kroner) i tolv-månadersperioden august 1996 - august 1997. Ved årsskiftet var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,2 milliardar kroner). Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av årets ni første månader gjekk indikatoren opp med i alt 78,7 milliardar kroner, mot 43,5 milliardar kroner i tilsvarande periode i fjor. Den underliggjande veksten fall frå 11,2 prosent ved utgangen av august til 9,7 prosent ved utgangen av september.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 7,3 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av september. Ved utgangen av august var tolvmånadersveksten 6,0 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 11,4 prosent ved utgangen av september, mot 9,9 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,8 prosent og effektiv tremånadersrente 4,1 prosent 31. oktober. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,6 prosent. Frå 30. september til 31. oktober auka eurokronerentene med tre månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar medan tolvmånadersrenta auka med 0,3 prosenteiningar. Einmånadsrenta var uendra. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,6 prosenteiningar 31. oktober, medan differansen var -0,5 prosenteiningar 30. september.

I perioden frå 30. september til 31. oktober svekka kronekursen seg med 1,5 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 98,23 og 100,44. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 0,9 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 6,2 milliardar kroner i perioden frå og med 22. september til og med 24. oktober. Statistikken syner at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 5,2 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 10,0 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 212,3 milliardar kroner ved utgangen av september 1997, samanlikna med 213,8 milliardar kroner ved utgangen av august 1997.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 3. november 1997 00:00