Pressebulletin nr.9/1997: Kreditt- og valutatilhøva
Noregs Banks kredittindikator auka med 9,1 prosent (87,4 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av juli, mot 9,3 prosent (89,0 milliardar kroner) i tolvmånadersperioden juni 1996 - juni 1997. Ved årsskiftet var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,2 milliardar kroner). Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av årets sju første månader gjekk indikatoren opp med i alt 60,3 milliardar kroner, om lag det dobbelte av veksten i same periode i fjor. Den underliggjande veksten fall frå 12,5 prosent ved utgangen av juni til 11,7 prosent ved utgangen av juli. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.
Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 4,5 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av juli. Ved utgangen av juni var tolvmånadersveksten 4,1 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 12,9 prosent ved utgangen av juli, mot 6,3 prosent ved utgangen av månaden før.
I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,9 prosent og effektiv tremånadersrente 4,1 prosent 29. august. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,6 prosent. Frå 30. juli til 29. august fall eurokronerenta med tre månaders løpetid med 0,1 prosenteiningar, einmånadsrenta og tolvmånadersrenta var uendra. I interbankmarknaden var effektiv einmånads- og tremånadersrente respektive 4,1 og 4,3 prosent, uendra frå 30. juli. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,4 prosenteiningar 29. august, medan differansen var -0,3 prosenteiningar 30. juli.
I perioden frå 30. juli til 29. august styrka kronekursen seg med 0,6 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 101,49 og 102,96. Målt ved den effektive kronekursen til industrien styrka verdien til den norske krona seg med 1,2 prosent.
Noregs Bank kjøpte valuta for 2,4 milliardar kroner i perioden frå og med 21. juli til og med 22. august. Statistikken viser at bankane selde valuta til utlendingar for 3,8 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 20,2 milliardar kroner.
Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 214,0 milliardar kroner ved utgangen av juli 1997, samanlikna med 208,4 milliardar kroner ved utgangen av juni 1997.
Nedgangen i bankane sine utlånsrenter heldt fram i andre kvartal 1997. Utlånsrentene gjekk såleis ned med 0,2 prosenteiningar til 5,8 prosent ved utgangen av kvartalet. Rentene på bankinnskot fall med 0,1 prosenteiningar og var 2,5 prosent ved utgangen av perioden. Rentemarginen fall dermed med 0,1 prosenteiningar til 3,3 prosent. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk ned med 0,1 prosenteiningar i andre kvartal og var 5,1 prosent ved utgangen av kvartalet. Kredittføretaka sine utlånsrenter fall med 0,3 prosenteiningar i den nemnde perioden til 6,2 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låneinstitutta fall med 0,2 prosenteiningar og var 4,5 prosent ved utgangen av andre kvartal.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no