Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr.8/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 9,3 prosent (89,3 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni, mot 8,4 prosent (80,1 milliardar kroner) i tolvmånadersperioden mai 1996 - mai 1997. Ved årsskiftet var tolvmånadersveksten 6,1 prosent (57,2 milliardar kroner). Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av første halvår 1997 gjekk indikatoren opp med i alt 54,8 milliardar kroner, mot ein oppgang på 23,1 milliardar kroner i same periode i fjor. Den underliggjande veksten auka frå 11,0 prosent ved utgangen av mai til 12,6 prosent ved utgangen av juni. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 4,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni. Ved utgangen av mai var tolvmånadersveksten 3,8 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 6,1 prosent ved utgangen av juni, mot 1,9 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,9 prosent og effektiv tremånadersrente 4,2 prosent 30. juli. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,6 prosent. Frå 30. juni til 30. juli auka eurokronerenta med ein månads løpetid med 0,2 prosenteiningar, tremånadersrenta auka med 0,4 prosenteiningar, og eurokronerenta med tolv månaders løpetid steig med 0,5 prosenteiningar. I interbankmarknaden auka effektiv einmånads- og tremånadersrente med respektive 0,3 og 0,5 prosenteiningar, til 4,1 og 4,3 prosent. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,3 prosenteiningar 30. juli, medan differansen var -0,6 prosenteiningar 30. juni.

I perioden frå 30. juni til 30. juli styrka kronekursen seg med 0,9 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 102,04 og 103,53. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 0,2 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta for 2,4 milliardar kroner i perioden frå og med 23. juni til og med 18. juli. Statistikken viser at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 6,9 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 5,6 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 208,4 milliardar kroner ved utgangen av juni 1997, samanlikna med 200,4 milliardar kroner ved utgangen av mai 1997.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. august 1997 00:00