Pressebulletin nr. 5/1997: Kreditt- og valutatilhøva
Noregs Banks kredittindikator auka med 7,5 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mars, mot 7,3 prosent i tolvmånadersperioden februar 1996 - februar 1997. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. Den underliggjande veksten i indikatoren var 8,0 prosent ved utgangen av mars, mot 6,8 prosent ved utgangen av månaden før. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.
Den registrerte pengemengda, M2, som i fyrste rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 0,7 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mars. Ved utgangen av februar var tolvmånadersveksten 1,3 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var -2,5 prosent ved utgangen av mars, mot 2,3 prosent ved utgangen av månaden før.
I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,5 prosent og tremånadersrenta 3,6 prosent 30. april. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 3,9 prosent. Eurokronerentene med ein månads og tre månaders løpetid fall med 0,1 prosenteiningar frå 3. april, medan eurokronerenta med tolv månaders løpetid fall med 0,2 prosenteiningar. I interbankmarknaden fall den effektive einmånadsrenta og tremånadersrenta med 0,1 prosenteiningar til respektive 3,6 og 3,7 prosent. Differansen mellom den nominelle tremånadersrenta i eurokronemarknaden og renta på teoretisk ECU var -0,8 prosenteiningar 30. april, mot -0,7 prosenteiningar 3. april.
I perioden frå 3. april til 30. april har kronekursen svekka seg med 1,4 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 98,71 og 101,68. Målt ved den effektive kronekursen til industrien har verdien til den norske krona svekka seg med 1,9 prosent.
Noregs Bank har i perioden frå og med 26. mars til og med 24. april kjøpt valuta for 3,1 milliardar kroner. Statistikken viser at bankane selde valuta til utlendingar og kjøpte valuta frå innlendingar i denne perioden.
Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 185,9 milliardar kroner ved utgangen av mars 1997, mot 184,4 milliardar kroner ved utgangen av februar 1997.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no