Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 3/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 7,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av januar, mot 6,2 prosent i tolvmånadersperioden desember 1995 - desember 1996. Den underliggjande veksten i indikatoren var 7,2 prosent ved utgangen av januar, mot 7,3 prosent ved utgangen av månaden før. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate. Ein bør vera merksam på at definisjonen av kredittindikatoren er blitt endra ved at han fra no av ikkje berre omfattar den innanlandske bruttogjelda næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner, men også deira innanlandske bruttogjeld i utanlandsk valuta.

Den registrerte pengemengda, M2, som i fyrste rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 3,9 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av januar. Ved utgangen av desember var tolvmånadersveksten 6,0 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 8,2 prosent ved utgangen av januar, mot 7,8 prosent (reviderte tal) ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta og tremånadersrenta 3,6 prosent 28. februar. Eurokronerentene med tolv månaders løpetid var 3,8 prosent. Eurokronerentene med ein månads løpetid og tolv månaders løpetid var uendra frå 31. desember, medan eurokronerenta med tre månaders løpetid fall med 0,1 prosenteiningar. I interbankmarknaden auka den effektive einmånadsrenta med 0,1 prosenteiningar til 3,7 prosent, medan tremånadersrenta var uendra på 3,7 prosent. Differansen mellom den nominelle tremånadersrenta i eurokronemarknaden og renta på teoretisk ECU var -0,7 prosenteiningar 28. februar, medan skilnaden var -0,6 prosenteiningar 31. januar.

I perioden frå 31. januar til 28. februar har kronekursen svekka seg med 0,7 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 95,43 og 97,58. Målt ved den effektive kronekursen til industrien har verdien til den norske krona svekka seg med 1,3 prosent.

Noregs Bank har ikkje intervenert i valutamarknaden i perioden frå 29. januar til 25. februar. Bankane har i februar (t.o.m. 21. februar) selt valuta til utlendingar og kjøpt valuta frå innlendingar. Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 196,6 milliardar kroner ved utgangen av januar 1997, mot 170,5 milliardar kroner ved utgangen av desember 1996.

Nedgangen i bankane sine utlånsrenter var sterkare i fjerde kvartal 1996 enn i dei tidlegare kvartala dette året. Utlånsrentene gjekk såleis ned med 0,4 prosenteiningar til 6,7 prosent ved utgangen av fjerde kvartal 1996. Med ein nedgang på 0,3 prosenteiningar til 3,3 prosent fall også rentene på bankinnskot meir i fjerde kvartal enn tidlegare på året. Rentemarginen fall dermed med 0,1 prosenteiningar i denne perioden til 3,4 prosent ved utgangen av fjerde kvartal. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk ned med 0,3 prosenteiningar i denne perioden og var 5,8 prosent ved utgangen av fjoråret. Kredittføretaka sine utlånsrenter fall med 0,3 prosenteiningar i fjerde kvartal til 6,7 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låneinstitutta fall med 0,1 prosenteiningar og var 5,1 prosent ved utgangen av fjerde kvartal.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 3. mars 1997 00:00