Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 2/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 6,8 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av desember, mot 6,9 prosent (reviderte tal) i tolvmånadersperioden november 1995 - november 1996. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld i norske kroner næringsliv, hushald og kommunar har. Den underliggjande veksten i indikatoren var 8,6 prosent ved utgangen av desember, mot 9,6 prosent ved utgangen av månaden før. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode omrekna til årleg rate.

Den registrerte pengemengda, M2, som i fyrste rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 6,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av desember. Ved utgangen av november var tolvmånadersveksten 3,8 prosent (reviderte tal). Den underliggjande veksten i M2 var 7,3 prosent ved utgangen av desember, mot 4,7 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta og tremånadersrenta 3,6 og 3,7 prosent 31. januar. Eurokronerentene med tolv månaders løpetid var 3,8 prosent. Eurokronerentene med ein månads løpetid og tolv månaders løpetid fall med 0,4 prosenteiningar frå 31. desember, medan eurokronerenta med tre månaders løpetid fall med 0,3 prosenteiningar. I interbankmarknaden fall den effektive einmånadsrenta med 0,6 prosenteiningar til 3,6 prosent, medan tremånadersrenta fall med 0,5 prosenteiningar til 3,7 prosent. Differansen mellom den nominelle tremånadersrenta i eurokronemarknaden og renta på teoretisk ECU var -0,6 prosenteiningar 31. januar, medan skilnaden var -0,3 prosenteiningar 31. desember.

I perioden frå 31. desember til 31. januar har kronekursen styrka seg med 4,5 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 100,85 og 95,73. Målt ved den effektive kronekursen til industrien har verdien til den norske krona styrka seg med 4,0 prosent.

I løpet av 1996 kjøpte Noregs Bank valuta for 90,7 milliardar kroner. I perioden 1. januar til og med 9. januar kjøpte Noregs Bank valuta for 31,0 milliardar. Frå og med 10. januar til og med 28. januar har Noregs Bank ikkje intervenert i valutamarknaden.

I løpet av 1996 kjøpte bankane motverdien av 66 milliardar kroner i valuta frå sine norske kundar medan bankane sine kjøp frå utlandet utgjorde 24 milliardar kroner. Hittil i år fram til 24. januar er det utlendingane som har dominert valutasala til bankane. Bankane har kjøpt valuta frå utlandet for 31 milliardar kroner, medan deira kjøp frå norske kundar avgrensa seg til 4 milliardar kroner. Med sine valutasal på 31 milliardar kroner vart utlandet tilført kroner som for det meste vart plassert i norske sertifikat og i terminmarknaden.

Foreløpige tal viser at Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 170,3 milliardar kroner ved utgangen av desember, mot 206,3 milliardar kroner ved utgangen av november. Ved årsskiftet blei det overført 45,5 milliardar frå Noregs Banks internasjonale reservar til Statens Petroleumsfond. Statens Petroleumsfond motsvara såleis verdien av 47,5 milliardar kroner ved utgangen av desember 1996.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 3. februar 1997 00:00