Norges Bank

Modeller for pengepolitisk analyse og prognoser

I arbeidet med anslaga og den pengepolitiske analysen nyttar vi ei rekke ulike analyseverktøy.

Systemet for pengepolitisk analyse og anslag

Modellar for pengepolitisk analyse (NEMO)

NEMO («Norwegian Economy MOdel») er utvikla i Noregs Bank og er ein makromodell for prognosar og pengepolitisk analyse. Modellen er basert på internasjonal forsking og modellutvikling dei siste 20 åra og har mange fellestrekk med tilsvarande modellar i andre sentralbankar.

Modellar for korttidsprognosar (SAM)

Korttidsprognosane til Noregs Bank er baserte på ei rekke statistiske og økonometriske modellar og skjønn.  Eit breitt sett av informasjon om den økonomiske situasjonen inngår i analysen. Ingen modell er i stand til å gi ei fullstendig beskriving av verkelegheita. Ulike modellar har ulike eigenskapar. Både teori og erfaringar viser at samanveging av fleire modellar ofte treffer betre enn anslag frå enkeltmodellar. 

Andre modellar for prognosar og analyse

I prognose- og analysearbeid vil det i varierande grad også nyttast ei rekke mindre modellar. Desse blir dels brukte som kryssjekkar til prognosar frå andre modellar og dels til analyse av spesielle forhold.

Sist endret 18. desember 2025 14:50