Norges Bank

Sikringsprosjektet

Arbeidet med å styrke den ytre sikkerheita til kvartalet Bankplassen 2 blei ferdigstilt i 2017. Her kan du sjå løysingane som prosjektet for perimetersikring kom fram til.

«Sittende pike med hodetelefon – et bilde på vår tid» av Marit Krogh er plassert på ei av fleire granittblokker som kan fungere som sitteplassar på Bankplassen. Blokkene tener som sjikanar der køyretøy må redusere farten og derfor representerer ein mindre fare ved eit angrep retta mot Noregs Bank. (Foto: Esten Borgos)

Bakgrunn

Terrorangrepet på Regjeringskvartalet 22. juli 2011 medførte auka merksemd i Noreg om skadar køyretøybaserte angrep kan gjere på offentlege bygg. Ei rekke offentlege etatar starta arbeid med mellombelse eller permanente sikringstiltak.

Angrepet 22. juli 2011 viste at sikringstiltak kunne vere nødvendig ved ei framtidig heving av trusselnivået også i Noreg. Dessutan demonstrerte dette angrepet at vi ikkje kan forvente forvarsel før eit angrep, og at viktige funksjonar i samfunnet derfor må vere tilstrekkeleg beskytta i utgangspunktet.

Noregs Bank etablerte ei intern arbeidsgruppe som arbeidde med ei første vurdering av nødvendige tiltak. Basert på denne blei det sett i verk ei rekke større og mindre endringar av sikkerheita i banken. Dei fleste endringane er ikkje openberre. Eit bygg som i utgangspunktet har svært høg grad av sikkerheit, har med tiltaka fått ytterlegare sikring som står i forhold til dei funksjonane Noregs Bank utfører for det norske samfunnet, og dei fysiske verdiane bygget omfattar.

Føresetnader

Sikringstiltaka til Noregs Bank har som føresetnad at dei i minst mogleg grad skal vere estetisk og praktisk forstyrrande, og at dei skal harmonere med omgivnadene. Det er vesentleg for banken at sikringstiltak blir installerte på eit informert grunnlag. På sikkerheitsområdet blir gjerne risikovurderingar gjorde på bakgrunn av kva verdiar som skal sikrast, kva truslar som kan ramme desse verdiane, og korleis verdiane er sårbare for truslane.

For leiinga og dei styrande organa i banken var det viktig at prosjektgruppa som arbeidde med sikringstiltaka, hadde klart for seg kva målsettinga var. Leiinga i Noregs Bank formulerte derfor følgande visjon for prosjektet:

«Sikringsprosjektet skal gi Norges Bank tilfredsstillende ytre sikring som imøtekommer krav til estetisk utforming og bidrar til attraktive byrom i Kvadraturen.»

Noregs Bank har vore tydeleg på at prosjektet skal forme ut sikringstiltak som tilfredsstiller internasjonale standardar for sikringstiltak. Samtidig har banken vore svært bevisst det ansvaret som følger av å forvalte eit bygg som er eit hovudverk i den arkitektoniske retninga strukturalisme, og dessutan å vere ein god nabo og byggherre med stort fotavtrykk i Kvadraturen. Oslo kommune har også gitt føringar for estetikken, dels gjennom den estetiske planen for sentrum av byen og dels gjennom fortløpande rådgiving frå og samarbeid med plan- og bygningsetaten. Dette har mellom anna vore styrande for fargeval på pullertar og andre sikringstiltak.

Undervegs i arbeidet var fleire av dei tilsette til banken involverte i å utarbeide publikasjonen «Oslo sentrum – gatebruk og grunnsikring», som også har gitt prosjektet føringar. Publikasjonen blei gitt ut av Oslo kommune (ved plan- og bygningsetaten og bymiljøetaten) og staten (ved Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet) i februar 2014.

Samarbeid

Noregs Bank har i prosjektet hatt godt samarbeid med ulike offentlege etatar og med naboar. Oslo kommune har bidratt godt. Samarbeidet har først og fremst involvert plan- og bygningsetaten og bymiljøetaten, men også Byantikvaren, Oslo brann- og redningsetat og andre aktørar har vore konsulterte. Riksantikvaren og Nasjonalt tryggingsorgan har vore rådspurde på ulike stadium i arbeidet med prosjektet, og dei har komme med konstruktive bidrag.

Det har også vore samarbeidd med Statens vegvesen, som parallelt med Noregs Banks perimetersikringsprosjekt har arbeidd med å etablere eit hovudsykkelvegsamband langs Rådhusgata. Det er ikkje konkludert i planane til Statens vegvesen, og sikringstiltaka til Noregs Bank søker derfor å legge best mogleg til rette for syklistar i den eksisterande sykkelvegen langs fasaden vår i Rådhusgata.

Metodikk

Noregs Bank har lagt vekt på ei metodisk tilnærming til prosjektet i tråd med beste praksis internasjonalt. Parallelt med perimetersikringsprosjektet har Noregs Bank vore involvert i å utarbeide den nye Norsk Standard NS 5834:2016 Planlegging av sikringstiltak i bygg, anlegg og eigedom. Dette har gjort det mogleg å prøve ut ulike metodiske aspekt frå standarden i sikringsarbeidet.

Standarden peiker på at fundamentet for eit sikringsprosjekt må vere ei verdivurdering. Kor viktig er det som skal sikrast, og kva kan gå tapt for samfunnet om det blir ramma? Noreg kan kanskje leve utan visse delar av verksemda til Noregs Bank i fleire veker, men det elektroniske betalingssystemet må fungere kvar time av kvar dag. Det vil vere forskjellar mellom offentlege institusjonar, men også forskjellar på kor viktige funksjonar internt i kvar institusjon er for samfunnet.

Eit neste hovudpoeng frå standarden er gjennomføringa av ei trusselvurdering, og spesielt defineringa av «dimensjonerande truslar». Kva kan true oss, og på kva måte? Vurderingar i slike prosjekt skal ta omsyn til kva som kan true verksemda i levetida til sikringstiltaka, og ein må derfor sjå 20–30 år fram i tid. Dimensjonerande truslar («design-basis threats» på engelsk) seier noko om kva vi realistisk ønsker å sikre oss mot. Skulle ein ta utgangspunkt i verst tenkelege truslar, ville alle halde til i bunkersar. Vi skal framleis ha eit ope og imøtekommande byrom der det sikringsmessige tiltaket skal sette eit minst mogleg fotavtrykk i byrommet. Det er viktig at tiltaka ikkje verkar dominerande, men heller bidrar til eit godt bymiljø samtidig som det gir auka tryggleikskjensle.

Truslane omfattar både ulike typar terrorangrep, som skjer sjeldan, og ordensforstyrringar og andre handlingar som skaper sjenanse eller ubehag, og som kan skje hyppigare. Bevisstheita som dei definerte dimensjonerande truslane gir, har gjort at tiltaka er utforma både for å kunne handtere alvorlege truslar og for å kunne fungere godt i å skape trivsel i nærmiljøet. Detaljane rundt dei dimensjonerande truslane er gradert informasjon.

Sårbarheitsvurderingar er neste stasjon. Kvar i bygningsmassen eller områda rundt er sårbarheitene, og korleis kan dei definerte truslane ramme verdiane ein har beskrive? Her er vurderingane sensitive og absolutt ikkje noko ein normalt deler med omverda. Noko kan ein sikre seg mot direkte, anna må ein finne kompenserande tiltak for, og for nokre forhold må ein akseptere at det er ein gjenverande risiko.

Dette gav oss spesifikke krav til sikringstiltaka, og indikasjon om praktisk, estetisk og økonomisk handlingsrom. Vi brukte dette i dialog med ein dyktig landskapsarkitekt og med Lund+Slaatto Arkitekter, som hadde teikna det nye hovudsetet til Noregs Bank, som stod ferdig i 1986. Bygget er eit av Noregs fremste eksempel på strukturalistisk arkitekturfilosofi. Strukturen i og den strengt modulære oppbygginga av bygget, som ein også kan finne att i fortausløysingar og på den opne Bankplassen, har vore premissgivande for utforming og posisjonering av sikringselementa. Det har vore viktig at sikringselementa er tilpassa og relaterer til den strenge formale oppbygginga av bygget.

Kompetanse

Eit anna aspekt frå standarden NS 5834 er innføringa av rolla som «teknisk sikringsrådgivar». Denne rådgivarrolla er basert på avansert ingeniørkompetanse og har i dette tilfellet handtert sårbarheitsvurdering av bygg og tilhøyrande analyse av skadar ulike typar køyretøy kan gjere. Vidare har rolla bidratt til identifisering, vurdering, beskriving, integrering og – til slutt – val av sikringstiltak. Som ledd i dette var det også forventa at den tekniske sikringsrådgivaren skulle ha erfaring med og kompetanse på konseptutvikling av sikringstiltak og korleis tiltaka kan integrerast med eksisterande infrastruktur og i eksisterande bymiljø. Endeleg har rolla som teknisk sikringsrådgivar blitt brukt som ein uavhengig rådgivar i val av produkt og løysingar.

I tillegg til dette har rollene NS 5834 set som sikringsrisikorådgivar, operativ sikringsrådgivar og prosjektsikkerheitsleiar, vore tekne hand om av banken sitt eige personell. Rolla NS 5834 set som sikringsplanleggar, har i realiteten vore teken hand om av ein innleigd prosjekteringsleiar.

Erfaringar

Noregs Bank gjekk inn i perimetersikringsprosjektet med avgrensa moglegheiter til å hente erfaringar frå andre liknande prosjekt i Noreg. Andre hadde gjennomført perimetersikring, men ikkje i same grad hatt krav om tilpassing til arkitektur eller å bidra til ei positiv utvikling av området tiltaka skulle plasserast i.

I dette arbeidet har banken kunna nyte godt av korte avgjerdsvegar og eit team integrert på tvers av fagmiljø. Den interne prosjektleiaren kom frå det operative sikkerheitsmiljøet i banken og hadde korte linjer til byggherrefunksjonen i eigedomseininga i banken. Analysearbeidet og kravsetting blei koordinert frå banken sin seksjon for strategisk sikkerheitsstyring. Det tette samarbeidet mellom desse funksjonane gav gode moglegheiter for tilpassingar og kompenserande tiltak undervegs i prosjektet.

Visjonen for prosjektet har gitt banken sine eigne tilsette i prosjektet og det innleigde prosjekteringsteamet klare rammer å forhalde seg til. Det har også gjort det nødvendig å søke ny kunnskap og moglege løysingar der dette har vore tilgjengeleg, mellom anna gjennom systematisk erfaringsinnhenting frå andre sentralbankar og frå byutvikling med sikringstiltak i London.

Da det førebels ikkje er noka heilskapleg nasjonal tilnærming til kompetanse innan fysisk sikring i Noreg har banken søkt internasjonal kompetanse der det var relevant. Dette har også involvert ein internasjonal anbodskonkurranse, som sikra ein teknisk sikringsrådgivar med rett kompetanse og som kunne vareta den viktige funksjonen som rådgivar uavhengig av produktleverandørar. Rådgivinga gav tydelege analysar og inngjekk i den metodisk ramma for prosjektet, i tråd med det som no er NS 5834. Dette bidrog til å gi banken eit godt grunnlag for avgjerder og kravsetting.

Prosjektet har stilt tydelege krav til leverandørar. Det er ikkje leverandørane som har spesifisert løysingar eller produktval. Dette er gjort av banken sitt eige prosjektteam saman med dei ulike uavhengige rådgivarane prosjektteamet kunne lytte til. Leverandørane har ved sida av krav om kva produkta skulle yte av sikkerheit, måtta levere på estetiske krav som form, storleik, finish og tilpassing til omgivnader.

Openheit

Arbeidet med å involvere ulike kommunale og statlege myndigheiter har gitt verdifulle innspel undervegs i prosjektet. Naboar har vore konstruktive og gitt gode innspel om korleis sikringstiltaka kan bidra til trivsel i området.

Noregs Bank også søkt å dele erfaringar og tankar i størst mogleg grad undervegs i prosjektet, og har hatt eit bevisst forhold til kva informasjon som må sikkerheitsgraderast, og kva informasjon som kan komme andre aktørar til nytte gjennom seminar og erfaringsutvekslingar.

Noregs Bank er innstilt på å halde fram erfaringsutvekslinga frå perimetersikringsprosjektet også i framtida. Interesserte kan ta kontakt med banken om dette via post@norges-bank.no.

Sist endret 2. januar 2019 14:00

Om sikringsprosjektet

Oppdragsgivar og byggherre: Noregs Bank

Prosjektleiar: Carl-Axel Hagen, Noregs Bank

Prosjekteringsleiing (sikringsplanleggar): Multiconsult ASA, Oslo / Tinden prosjektledelse AS, Hosle

Byggeleiing: Tinden prosjektledelse AS, Hosle / Høyer Finseth AS, Oslo

Sikringsrisikorådgivar: Anders Grønli, Noregs Bank

Teknisk sikringsrådgivar (konstruksjon, spesialisert køyretøysikring, konsept, infrastruktur og byplan, produkt og løysing): Ove Arup & Partners International Ltd, London

Arkitekt: Lund+Slaatto Arkitekter AS, Oslo

Landskapsarkitekt: Landskapsarkitektene Berg & Dyring MNLA AS, Moss

Rådgivande ingeniør bygg og ansvarleg søkar: Sivilingeniørene Haug og Blom-Bakke AS, Oslo

Rådgivande ingeniør elektro: Sweco Norge AS, Oslo

Rådgivande ingeniør VVS: Unionconsult VVS- og klimarådgivning AS, Oslo

Entreprenør: KF Entreprenør AS, Oslo

Sist endret 2. januar 2019 14:00