Norges Bank

Bedrageri og svindel

Publikum kan bli utsett for falske telefonsamtalar, SMS-ar, nettstader og e-postmeldingar som gir seg ut for å vere frå Noregs Bank eller personar tilknytte Noregs Bank.

Ver merksam på at Noregs Bank ikkje tilbyr finansielle tenester til privatpersonar, og at vi aldri vil kontakte enkeltpersonar direkte for å gi tilbod om tenester, forretningsmoglegheiter, kommersielle kontraktar, gåver eller arv.

Dersom du skulle få eit slikt tilbod frå ein organisasjon eller person som gir seg ut for å opptre på vegner av Noregs Bank eller personar tilknytte banken, må du ikkje svare, opne vedlegg eller klikke på lenker.

Har du mistanke om at du blir forsøkt svindla på denne måten, gjer vel og ta kontakt med oss på post@norges-bank.no. Noregs Bank vil rapportere svindelforsøk banken er kjend med, til politiet.

Ver varsam

Det finst mange ulike framgangsmåtar, men felles for dei fleste svindelforsøka er at dei har eit mål om økonomisk gevinst for svindlarane.

Følg desse generelle tipsa for å verne deg sjølv – og pengane dine – mot svindel:

  • Send aldri pengar til nokon du ikkje har møtt personleg. Ikkje betal på førehand til ein person eller organisasjon som har gitt deg eit løfte om noko, for eksempel ein framtidig økonomisk gevinst.
  • Ikkje avslør personopplysningar over telefon på nett eller via direktemeldingar på sosiale medium.
  • Dobbelsjekk påstandar frå og identiteten til personar som kontaktar deg. Kontakt organisasjonen direkte eller søk informasjon frå andre pålitelege kjelder.
  • Hugs at noko som verkar for godt til å vere sant, vanlegvis er det.
Sist endret 18. desember 2025 15:00
Sist endret 18. desember 2025 15:00