Kunderetta betalingsformidling
Kunderetta betalingsformidling 2024
Les rapporten her (nettformat)- Serie:
- Kunderetta betalingsformidling
- Nummer:
- 2024
Kunderetta betalingsformidling 2024 – hovudpunkt
- Måtane vi betaler på, har endra seg mykje dei seinaste åra. Ein aukande del av betalingane vert gjorde med mobiltelefonen, både ved handel på fysiske utsalsstader og ved handel på internett.
- Dei fleste betalingane vert gjorde på fysiske utsalsstader. Utsalsstader inkluderer mellom anna butikkar, restaurantar og transportmiddel. Fysiske betalingskort vert nytta i dei aller fleste av desse betalingane, men talet på kortbetalingar gjennom mobiltelefon aukar raskt. Den seinaste spørjeundersøkinga vår viste at 30 prosent av betalingane på fysiske utsalsstader vart gjorde med ulike løysingar for mobilbetaling.
- Omfanget av netthandel har auka mykje gjennom mange år. Det meste av netthandelen vert gjord opp med eit betalingskort, anten direkte med eit fysisk kort eller gjennom ulike løysingar for mobilbetaling. Éin av tre netthandlar vert no gjord opp med mobilbetaling, og denne delen er aukande. Éin av fire netthandlar vert gjord opp med faktura.
- Dei ulike kortsystema har ulike bruksområde. BankAxept kan ikkje nyttast ved netthandel og fram til våren 2024 kunne systemet heller ikkje nyttast ved mobilbetaling. Den sterke veksten i netthandel og mobilbetaling har ført til at BankAxept-betalingar utgjer ein stadig mindre del av kortbetalingane. I 2024 utgjorde BankAxept-betalingane 49 prosent av kortbetalingane. BankAxept er no til stades i ei rad ulike mobilløysingar, og det kjem truleg til å påverke utviklinga framover.
- Noreg er eit av dei landa i verda der innbyggjarane bruker betalingskorta sine flest gonger per år. I gjennomsnitt brukte kvar innbyggjar i Noreg betalingskorta sine 572 gonger i 2024. I Tyskland og fleire av middelhavslanda er kortbruken mykje lågare enn dette, men bruken aukar raskt.
- Bruken av kontantar har falle gjennom lang tid, men har halde seg stabil dei aller seinaste åra. Den seinaste undersøkinga vår syner at 2 prosent av dei spurde nytta kontantar sist dei betalte for noko på ein fysisk utsalsstad.
- Uttaka av kontantar held fram med å falle. Samstundes skjer ein aukande del av dei samla uttaka gjennom butikkar. Talet på minibankar går ned, og færre av dei er eigde av bankane. I 2024 var det til saman 1129 minibankar i Noreg, mot 1168 året før.
