Det finansielle systemet
Det norske finansielle systemet gir ei samla oversikt over det finansielle systemet i Noreg, kva oppgåver det utfører, og korleis desse oppgåvene blir utført. Rapporten er meint som eit oppslagsverk og ei lærebok. Han er retta mot eit breitt publikum, og det er lagt vekt på enkel framstilling.
Nøkkeltal for det finansielle systemet
-
5 511 mrd
Bruttonasjonalprodukt i Noreg -
4 398 mrd
BNP Fastlands-Noreg -
161 %
Innanlandsk gjeld som andel av BNP
Finansmarknadene
Kapittel 1 beskriv dei ulike marknadene: penge-, obligasjons-, valuta-, og aksjemarknaden og marknadene for finansielle derivat.
Nøkkeltal frå finansmarknadene
-
3 397 mrd
Uteståande i obligasjonsmarknaden -
2 877 mrd
Forvalta midlar i verdipapirfond -
3 050 mrd
Forvaltningskapitalen i forsikringsføretaka
Finansføretak
Kapittel 2 omtaler dei viktigaste finansføretaka: bankar, kredittføretak, forsikrings- og pensjonsordningar, ulike fond med meir, i tillegg til Noregs Bank, som sjølv også er ein del av det finansielle systemet.
Nøkkeltal finansføretak
-
108
Antal bankar -
7 108 mrd
Utlån frå finansføretak til privatpersonar, bedrifter og kommunar -
3 869 mrd
Innskot i bankane
Finansiell infrastruktur
Kapittel 3 beskriv infrastrukturen i det finansielle systemet. Infrastrukturen omfattar betalingssystemet og systema der betaling og overføring av verdipapir, valuta og derivat i finansmarknadene skjer.
Nøkkeltal finansiell infrastruktur
-
595
Korttransaksjonar per innbyggar per år -
37,7 mrd
Kontantar i omløp
Oversikt over det finansielle systemet i Norge, hvilke oppgaver det utfører og hvordan disse oppgavene blir utført.
ISSN 2535-3993 (online).
- Serie:
- Det norske finansielle systemet
- Nummer:
- 2026
- Publisert:
- 20. august 2026 16:00