Norges Bank

Rundskriv 5/2018

Prisar og gebyr i oppgjerssystemet til Noregs Bank for 2019

[UTGÅTT]

Bankane betaler for å delta i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) etter vilkåra for kontohald. Prisane for oppgjerstenester skal dekkje den delen av kostnadene for innføring og drift av oppgjerssystemet som gjeld bankane.

Prisane har vore uendra sidan 2016. I 2018 har Noregs Bank oppgradert IT-infrastrukturen for NBO. Saman med ei normal utvikling i driftskostnader, har dette ført til at Noregs Bank har vedtatt å auke prisane i NBO for 2019 med om lag 16 prosent frå 2018. Eingongsprisen for ny konto i NBO blir òg auka.

Frå 2019 blir einskilde gebyr ved brot o.a. på vilkåra for kontohald auka. Dette gjeld m.a. betalingsoppdrag som blir sendt feil til Noregs Bank og antall brukarar av NBO Online utover kvota. Auken i desse gebyra skjer på grunn av det meirarbeidet desse sakene fører med seg. Det blir òg innført eit nytt gebyr for å etablere ny brukar av NBO Online.

Faste månadsprisar forfell til betaling kvar månad og vil bli belasta kontoen til kvar bank i NBO automatisk den andre bankdagen månaden etter. Andre prisar og gebyr vil bli fakturerte eller belasta særskilt.

Prisar i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) for 2019

Deltaking/teneste Pris
Faste prisar Pris per månad
Bankar i gruppe A1* 250 000
Bankar i gruppe A2* 93 000
Bankar i gruppe B** 11 500
Tillegg for bankar som deltek i verdipapiroppgjeret (VPO) 70 000
  Pris per år
Avtale om beredskapskonto*** 5 000
Tilknytingsprisar Eingongspris
Bankar 50 000

* Gruppe A

Bankar med ordinær konto som blir nytta aktivt til ein eller fleire av følgjande oppgjersfunksjonar: Direkte deltaking i oppgjer av avrekningar frå Norwegian Interbank Clearing System (NICS), direkte deltaking i det internasjonale valutaoppgjerssystemet Continuous Linked Settlement (CLS) eller har avtale om å bruke Scandinavian Cash Pool (SCP). Bankar i gruppe A blir delte i to undergrupper: Bankar som er direkte oppgjersdeltakarar i CLS og/eller har avtale om å bruke SCP (undergruppe A1) og andre bankar i gruppe A (undergruppe A2).

** Gruppe B

Andre bankar med ordinær konto i NBO enn bankar i gruppe A.

*** Beredskapskonto

Bankar som ikkje har ordinær konto i Noregs Bank kan be om å få oppretta beredskapskonto. Beredskapskontoen kan ikkje brukast til oppgjer av betalingsoppdrag før Noregs Bank har aktivert han.

Gebyr i 2019 ved brot o.a. på vilkåra for kontohald i Noregs Bank (NBO)

Brot på vilkår, bruk av NBO Online Gebyr
Manglande tilbakebetaling av lån innanfor SCP-ordninga innan fristen som er sett i driftsmønsteret for NBO kr 25 000 per gong
Manglande tilbakeføring av pantsett innskot i Noregs Bank innanfor SCP-ordninga innan fristen som er sett i driftsmønsteret for NBO kr 50 000 per gong
Belåning av verdipapir som ikkje gir låneverdi i Noregs Bank ved forfall eller uttrekk kr 10 000 per gong
Lån utover lånetilgangen ved slutten av dagen D-lånsrenta pluss 10 prosentpoeng
Feilsending av betalingsoppdrag til Noregs Bank kr 1 000 per betalingsoppdrag
Fleire brukarar av NBO Online enn kvota tilseier**** kr 2 000 per ekstra brukar per månad
Oppmoding om å aktivere brukar av NBO Online som Noregs Bank har deaktivert kr 6 000 per brukar
Ny brukar av NBO Online kr 5 000 per brukar
Sentral motpart betaler ikkje tilbake intradaglån same dag kr 25 000
Sentral motpart har innskot på sin konto over natta kr 50 000

**** Brukarkvote for NBO Online for kvar bankgruppe

  • Bankar i gruppe A1: Inntil 25 brukarar
  • Bankar i gruppe A2: Inntil 15 brukarar
  • Bankar i gruppe B: Inntil 6 brukarar
Publisert 31. oktober 2018 11:00