Norges Bank

Rundskriv 4/2015

Prisar og gebyr i oppgjerssystemet til Noregs Bank for 2016

Bankane betaler for å delta i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) etter vilkåra for kontohald, pantsetjing og deltaking i NBO. Prisane for oppgjerstenester skal dekkje den delen av kostnadene for innføring og drift av oppgjerssystemet som gjeld bankane.

Frå 2016 tek Noregs Bank i bruk ei ny IT-løysing for å registrere og behandle bankane si pantsetjing for lån i Noregs Bank. Den nye løysinga gjer at rutinane blir meir automatiserte enn før både i Noregs Bank og i bankane. Prisstrukturen blir derfor lagd om frå 2016. Dei tidlegare priselementa for pant i utlandet og pris per eining for søknad om pant og endringar i pantsetjing blir fjerna. I tillegg vil kostnader for pantsetjing i VPS, som til no har blitt fakturert vidare til kvar bank, inngå i kostnadsgrunnlaget for prisane. Dei samla kostnadene for oppgjerstenestene som er berekna for 2016, er på same nivå som føregåande år.

Kostnadene for pantsetjing og andre kostnader for oppgjerstenestene blir dekte gjennom ein auke i dei faste prisane for kvar gruppe av bankar. Den faste prisen for å delta i verdipapiroppgjer blir òg auka.

Noregs Bank krev gebyr av bankane ved brot på vilkåra for kontohald, pantsetjing og deltaking i NBO. Desse gebyra vil frå 2016 gå fram av rundskrivet om prisar og gebyr i NBO.

Faste månadsprisar forfell til betaling kvar månad og vil bli belasta kontoen til kvar bank i NBO automatisk den andre bankdagen månaden etter. Andre prisar og gebyr vil bli fakturerte eller belasta særskilt.

Prisar i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) for 2016

Deltaking/teneste

Pris

Faste prisar

Pris per månad

Bankar i gruppe A1*

215 000

Bankar i gruppe A2*

80 000

Bankar i gruppe B**

10 000

Tillegg for bankar som deltek i verdipapiroppgjeret (VPO)

60 000

 

Pris per år

Avtale om beredskapskonto***

5 000

Tilknytingsprisar

Eingongspris

Bankar

10 000

* Gruppe A

Bankar med ordinær konto som blir nytta aktivt til éin eller fleire av følgjande oppgjersfunksjonar: direkte deltaking i oppgjer av avrekningar frå Norwegian Interbank Clearing System (NICS), direkte deltaking i det internasjonale valutaoppgjerssystemet Continuous Linked Settlement (CLS) eller har avtale om å bruke Scandinavian Cash Pool (SCP). Bankar i gruppe A blir delte i to undergrupper: bankar som er direkte oppgjersdeltakarar i CLS og/eller har avtale om å bruke SCP (undergruppe A1) og andre bankar i gruppe A (undergruppe A2).

** Gruppe B

Andre bankar med ordinær konto i NBO enn bankar i gruppe A.

*** Beredskapskonto

Bankar som ikkje har ordinær konto i Noregs Bank kan be om å få oppretta beredskapskonto. Beredskapskontoen kan ikkje brukast til oppgjer av betalingsoppdrag før Noregs Bank har aktivert han.

Gebyr i 2016 ved brot o.a. på vilkåra for kontohald, pantsetjing og deltaking i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO)

Brot på vilkår, bruk av NBO Online

Gebyr

Manglande tilbakebetaling av lån innanfor SCP-ordninga innan fristen som er sett i driftsmønsteret for NBO

kr 25 000
per gong

Manglande tilbakeføring av pantsett innskot i Noregs Bank innanfor SCP-ordninga innan fristen som er sett i driftsmønsteret for NBO

kr 50 000
per gong

Belåning av verdipapir som ikkje gir låneverdi i Noregs Bank ved forfall eller uttrekk

kr 10 000
per gong

Lån utover lånetilgangen ved slutten av dagen

D-lånsrenta pluss
10 prosentpoeng

Feilsending av betalingsoppdrag til Noregs Bank

kr 500
per betalingsoppdrag

Fleire brukarar av NBO Online enn kvota tilseier****

kr 1 000
per ekstra brukar per månad

Søknad om å aktivere brukar av NBO Online som Noregs Bank har deaktivert

kr 5 000
per brukar

**** Brukarkvote for NBO Online for kvar bankgruppe

  • Bankar i gruppe A1: Inntil 25 brukarar
  • Bankar i gruppe A2: Inntil 15 brukarar
  • Bankar i gruppe B: Inntil 6 brukarar
Publisert 30. oktober 2015 10:00