Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling 2020

Pandemiutbrotet som starta våren 2020, har påverka betalingsmåtane, og dette er godt synleg i statistikken.

Talet på kortbetalingar på fysiske brukarstader fall frå 2019 til 2020. Samstundes auka den gjennomsnittlege storleiken på betalingane noko. Dei fleste kortbetalingane i fysiske betalingsterminalar, om lag to av tre, vart gjorde kontaktlaust. Mindre reising førte til at talet på betalingar med norske kort på fysiske brukarstader i utlandet gjekk markert ned.

Bruken av kontantar på utsalsstader vart redusert, og uttak av kontantar frå minibankar og i samband med varekjøp fall svært mykje. Bankane har etablert ei ny teneste for uttak og innskot av kontantar i daglegvarebutikkar. Tal for uttak både gjennom denne tenesta, «Kontanttenester i butikk», og for uttak av kontantar over skranke i bankfilialar er frå i år samla inn og omtalt i statistikken.

Den sterke veksten i netthandelen med kort heldt fram også i 2020. Ein del av netthandelen vert betalt på andre måtar enn med kort. Ifølgje ei spørjeundersøking gjennomført av Noregs Bank, vert ein av fire handlar på nett i første omgang betalt med faktura. Dersom fakturaen vert gjort opp med kort, vil også slike handlar verte registrerte som netthandel i statistikken.

Ved overføringar mellom privatpersonar er bruken av mobiltelefon no den klart mest nytta betalingsmåten. Heile fire av fem slike betalingar vert gjorde med mobilen, først og fremst som venebetalingar gjennom betalingsløysinga Vipps. Dei fleste slike betalingar skjer som straksbetalingar direkte frå konto til konto, der mottakaren kan disponere midlane eit par sekund etter at betalinga har vorte send.

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. 

ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 20. mai 2021 10:00
Publisert 20. mai 2021 10:00