Norges Bank

Norges Bank Memo

Kunderetta betalingsformidling 2017

Serie:
Norges Bank Memo
Nummer:
2/2018

Kvar av oss brukte betalingskortet i gjennomsnitt 441 gonger i 2017, medan den gjennomsnittlege verdien av korttransaksjonane var 397 kroner. Det var på nytt sterk vekst i bruken av internasjonale betalingskort, etter at betalingar over internett og mobilbetalingar auka mykje.

Det var ytterlegare nedgang i bruken av kontantinfrastruktur, som minibankar og kontantuttak ved varekjøp (cash-back). Utvalsundersøkingar frå Noregs Bank syner at kontantar no vert nytta i om lag kvar tiande betaling som privatpersonar gjer på utsalsstader og til andre privatpersonar.

Frå og med statistikkåret 2017 vert det publisert tal for mobilbetalingar, Straksbetalingar og kontaktlause kortbetalingar.

Norges Bank Memo gir analyse og bakgrunn for Norges Banks mandatutøvelse. Utgis fra 2013.

ISSN 1894-0269 (papir) ISSN 1894-0277 (online)

Publisert 24. mai 2018 10:00
Publisert 24. mai 2018 10:00