Norges Bank

Pressemelding

Robust og effektiv finansiell infrastruktur

– Den finansielle infrastrukturen i Noreg er robust og effektiv. Samtidig er det nokre utfordringar knytte til utkontraktering og beredskap, seier visesentralbanksjef Jon Nicolaisen.

Noregs Bank legg i dag fram rapporten «Finansiell infrastruktur 2015». Rapporten er ein del av Noregs Bank sitt arbeid med å fremje finansiell stabilitet og eit effektivt betalingssystem i Noreg.

Den tekniske drifta av betalingssystemet er i stor grad utkontraktert, og mange av systema nyttar same leverandør. Noregs Bank peikar i rapporten på at systemeigarane må ha tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse til å føre effektiv kontroll med den utkontrakterte drifta. Systemeigarane må òg ha eit reelt høve til å skifte driftsleverandør.

Dei norske systema er på god veg til å oppfylle internasjonale prinsipp. Det er framleis nødvendig med ytterlegare tiltak, mellom anna for å styrkje beredskapen dersom driftsløysingane sviktar.

Bruken av internasjonale kort aukar, og det er i stor grad butikkane som betaler kostnadene ved bruken, ikkje eigaren av kortet.

– Kundane blir ikkje stilte overfor dei rette prisane når dei skal velje betalingsløysing. Resultatet kan bli at ei billig løysing, som BankAxept, blir fortrengd til fordel for dyrare løysingar, seier Nicolaisen.

Finansiell infrastruktur 2015

Utviklingstrekk i kunderetta betalingsformidling - 2014 (Noregs Bank Memo 1/2015)

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 13. mai 2015 12:00

Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen om rapporten Finansiell infrastruktur 2015

Publisert 13. mai 2015 12:00