Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 2/1999: Kredit- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 8,5 prosent (93,1 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av desember, mot 8,6 prosent (93,8 milliardar kroner) fram til utgangen av november. Kredittindikatoren er eit tilnærma mål for kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. Den underliggjande veksten var 6,0 prosent ved utgangen av desember, mot 5,5 prosent ved utgangen av månaden før.

Den registrerte pengemengda, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 5,5 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av desember. Ved utgangen av november var tolvmånadersveksten 4,6 prosent. Den under-liggjande veksten i pengemengda var 2,0 prosent ved utgangen av desember, mot 1,1 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 8,1 prosent 29. januar. Den effektive tremånadersrenta var 7,5 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 6,1 prosent. Frå 31. desember til 29. januar fall både einmånadsrenta og tremånadersrenta med 1,1 prosenteiningar. Tolvmånadersrenta fall med 0,9 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og tilsvarande rente for euro 4,0 prosenteiningar 29. januar, medan differansen var 4,5 prosenteiningar 31. desember.

I perioden frå 31. desember til 29. januar styrkte kronekursen seg med 3,7 prosent målt mot euro. Kursen målt mot euro varierte mellom 8,55 og 8,86. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien styrkte seg med 2,0 prosent over den same perioden.

Noregs Bank selde valuta til bankane for 0,1 milliardar kroner i perioden frå og med 28. desember til og med 22. januar. Statistikken syner at bankane i same periode selde valuta til utlendingar for 2,1 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 3,9 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 142,0 milliardar kroner ved utgangen av desember 1998, samanlikna med 146,8 milliardar ved utgangen av november 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. februar 1999 00:00