Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 1/1999: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 8,5 prosent (93,2 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av november, mot 8,7 prosent (94,2 milliardar kroner) ved utgangen av oktober. Kredittindikatoren er eit tilnærma mål for kor stor innanlandsk bruttogjeld nærings-liv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei første elleve månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 85,8 milliardar kroner, mot 93,4 milliardar kroner i tilsvarande periode året før. Den underliggjande veksten var 5,3 prosent ved utgangen av november, mot 6,7 prosent ved utgangen av månaden før.

Det var store skilnadar i veksten i utlån til publikum mellom dei ulike gruppene av finansielle foretak. Utlånsveksten i private bankar inklusive Postbanken er blitt vesentleg redusert dei siste tre månadene. Tolvmånadersveksten for desse institusjonane sett under eitt var 11,8 prosent ved utgangen av november.

Finansieringsselskapa skil seg ut med sterkast vekst i utlån, med ein tolvmånadersvekst på 27,7 prosent ved utgangen av november, mens både livs- og skadeforsikringsselskapa har redusert utlåna sine til publikum. Kredittføretaka sin utlånsvekst var om lag som veksten i samla kreditt ved utgangen av november.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 4,6 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av november. Ved utgangen av oktober var tolvmånadersveksten 4,9 prosent. Den under-liggjande veksten i M2 var 1,1 prosent ved utgangen av november, mot -1,9 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 9,2 prosent 31. desember. Den effektive tremånadersrenta var 8,6 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 6,9 prosent. Frå 30. november til 31. desember auka både einmånadsrenta og tremånadersrenta med 0,3 prosenteiningar. Tolvmånadersrenta auka med 0,2 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 4,5 prosenteiningar 31. desember, medan differansen var 3,8 prosenteiningar 30. november.

I perioden frå 30. november til 31. desember svekka kronekursen seg med 2,6 prosent målt mot ECU. Kursen målt mot indeksert ECU varierte mellom 108,1 og 115,6. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien svekka seg med 2,6 prosent over den same perioden.

Noregs Bank selde valuta til bankane for 10,7 milliardar kroner i perioden frå og med 23. november til og med 24. desember. Statistikken syner at bankane i same perioden kjøpte valuta frå utlendingar for 5,0 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 16,3 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 146,8 milliardar kroner ved utgangen av november 1998, samanlikna med 166,1 milliardar ved utgangen av oktober 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 7. januar 1999 00:00