Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 10/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 10,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av august, det same som ved utgangen av juli. I absolutte tal auka veksten frå 105,6 til 106,3 milliardar kroner. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei første åtte månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 69,3 milliardar kroner, mot 63,8 milliardar kroner i tilsvar-ande periode i fjor. Den underliggjande veksten var 9,9 prosent ved utgangen av august, det same som ved utgangen av månaden før.

Bruttogjelda som publikum har til utlandet auka med 14,3 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni, mot ein auke på 15,1 prosent i tolvmånadersperioden mars 1997 - mars 1998. Den samla bruttogjelda som publikum har til både innanlandske og utanlandske kjelder, voks med 10,6 prosent (138,4 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni. I tolvmånadersperioden fram til utgangen av mars gjekk den samla bruttogjelda til publikum opp med 11,6 prosent (142,6 milliardar kroner).

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 5,9 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av august. Ved utgangen av juli var tolvmånadersveksten 7,1 prosent. Den under-liggjande veksten i M2 var 2,9 prosent ved utgangen av august, mot 7,9 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 8,6 prosent 30. september. Den effektive tremånadersrenta var 8,3 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 7,1 prosent. Frå 31. august til 30. september fall einmånadsrenta med 0,2 prosenteiningar. Tremånadersrenta auka med 0,1 prosenteining og tolvmånadersrenta fall med 0,1 prosenteining over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 3,5 prosenteiningar 30. september, medan differansen var 3,2 prosent-einingar 31. august.

I perioden frå 31. august til 30. september styrka kronekursen seg med 1,1 prosent målt mot ECU. Kursen målt mot indeksert ECU varierte mellom 108,2 og 110,7. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien styrka seg med 2,0 prosent over den same perioden.

Noregs Bank handla ikkje valuta med bankane i perioden frå og med 24. august til og med 18. september. Statistikken syner at bankane selde valuta til utlendingar for 19,5 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 26,1 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 185,3 milliardar kroner ved utgangen av august 1998, samanlikna med 178,2 milliardar ved utgangen av juli 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. oktober 1998 00:00