Pressebulletin nr. 9/1998: Kreditt- og valutatilhøva
Noregs Banks kredittindikator auka med 10,1 prosent (107,0 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av juli, mot 9,9 prosent (104,5 milliardar kroner) den føregåande tolvmånadersperioden. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei første sju månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 62,9 milliardar kroner, mot 56,6 milliardar kroner i tilsvarande periode i fjor. Den underliggjande veksten var 10,4 prosent ved utgangen av juli, mot 10,1 prosent ved utgangen av månaden før.
Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 7,1 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av juli. Ved utgangen av juni var tolvmånadersveksten 7,3 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 7,9 prosent ved utgangen av juli, mot 3,8 prosent ved utgangen av månaden før.
Bankane sine utlånsrenter så vel som deira innskotsrenter gjekk opp i andre kvartal 1998. Utlånsrentene auka såleis med 0,29 prosenteiningar til 6,25 prosent ved utgangen av kvartalet. Rentene på bankinnskot steig med 0,16 prosenteiningar og var 3,02 prosent ved utgangen av perioden. Rentemarginen auka dermed med 0,13 prosenteiningar til 3,23 prosent. Livsforsikringsselskapa sine utlånsrenter gjekk opp med 0,24 prosenteiningar i andre kvartal og var 5,52 prosent ved utgangen av kvartalet. Kredittføretaka sine utlånsrenter fall med 0,20 prosent-einingar i den nemnde perioden til 5,99 prosent. Rentene på utlåna frå dei statlege låne-institutta auka med 0,11 prosenteiningar og var 4,05 prosent ved utgangen av andre kvartal.
I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 8,8 prosent 31. august. Den effektive tremånadersrenta var 8,2 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 7,2 prosent. Frå 31. juli til 31. august auka einmånadsrenta med 3,2 prosenteiningar. Tremånadersrenta auka med 2,6 prosenteiningar og tolvmånadersrenta auka med 1,5 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 3,2 prosenteiningar 31. august, medan differansen var 1,0 prosenteining 31. juli.
I perioden frå 31. juli til 31. august svekka kronekursen seg med 4,4 prosent målt mot ECU. Kursen målt mot indeksert ECU varierte mellom 104,5 og 114,3. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien svekka seg med 3,9 prosent over den same perioden.
Noregs Bank selde valuta til bankane for 4,1 milliardar kroner i perioden frå og med 27. juli til og med 21. august. Statistikken syner at bankane selde valuta til utlendingar for 6,7 milliardar kroner og til innlendingar for 0,4 milliardar.
Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 178,2 milliardar kroner ved utgangen av juli, samanlikna med 182,9 milliardar ved utgangen av juni.
Kontakt:
Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no