Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 8/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 10,0 prosent (104,9 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni, mot 10,2 prosent (105,6 milliardar kroner) den føregåande tolvmånadersperioden. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av den første halvdelen av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 58,2 milliardar kroner, mot 54,0 milliardar kroner i til-svarande periode i fjor. Den underliggjande veksten var 10,1 prosent ved utgangen av juni, mot 10,5 prosent ved utgangen av månaden før.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 6,8 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av juni. Ved utgangen av mai var tolvmånadersveksten 9,2 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 3,2 prosent ved utgangen av juni, mot 5,8 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein og tre månaders løpetid 5,6 prosent 31. juli. Den effektive tolvmånadersrenta var 5,7 prosent. Frå 30. juni til 31. juli auka einmånadsrenta med 0,6 prosenteiningar. Tremånadersrenta auka med 0,5 prosenteiningar, og tolvmånadersrenta auka med 0,2 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 1,0 prosenteiningar 31. juli, medan differansen var 0,5 prosenteiningar 30. juni.

I perioden frå 30. juni til 31. juli styrka kronekursen seg med 0,4 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 104,0 og 105,6. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien styrka seg med 1,0 prosent over den same perioden.

Noregs Bank selde valuta til bankane for 1,4 milliardar kroner i perioden frå og med 22. juni til og med 24. juli. Statistikken syner at bankane selde valuta til utlendingar for 1,8 milliardar kroner og for 2,0 milliardar kroner til innlendingar.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 182,9 milliardar kroner ved utgangen av juni, samanlikna med 187,3 milliardar kroner ved utgangen av mai.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 3. august 1998 00:00