Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr.7/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 10,2 prosent (105,7 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av mai, mot 10,0 prosent (103,3 milliardar kroner) den føregåande tolvmånadersperioden. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei fem første månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 46,2 milliardar kroner, mot 41,2 milliardar kroner i tilsvarande periode året før. Den underliggjande veksten var 10,5 prosent ved utgangen av mai, mot 10,6 prosent ved utgangen av månaden før.

Veksten i kredittgivinga har no lege over 10 prosent sidan desember i fjor og syner få teikn på nedgang, seier visesentralbanksjef Jarle Bergo. Denne veksten ligg langt over veksten i nominelt BNP og er urovekkjande i høve til det press som alt er i økonomien, seier Bergo.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 9,0 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mai. Ved utgangen av april var tolvmånadersveksten 8,1 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 5,5 prosent ved utgangen av mai, mot 6,3 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 5,0 prosent 30. juni. Den effektive tremånadersrenta var 5,1 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 5,4 prosent. Frå 29. mai til 30. juni auka einmånadsrenta med 0,2 prosenteiningar. Tremånaders- og tolvmånadersrenta auka med 0,1 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 0,5 prosenteiningar 30. juni, medan differansen var 0,4 prosenteiningar 29. mai.

I perioden frå 29. mai til 30. juni svekka kronekursen seg med 0,7 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 103,2 og 105,0. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien svekka seg med 0,7 prosent over den same perioden.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 2,7 milliardar kroner i perioden frå og med 25. mai til og med 19. juni. Statistikken syner at bankane kjøpte valuta frå utlendingar for 10,9 milliardar kroner og selde valuta til innlendingar for 7,2 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 187,3 milliardar kroner ved utgangen av mai 1998, samanlikna med 192,6 milliardar kroner ved utgangen av april 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. juli 1998 00:00
Publisert 1. juli 1998 00:00