Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 6/1998: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 9,8 prosent (100,8 milliardar kroner) dei siste tolv månadene fram til utgangen av april, mot 10,6 prosent (107,0 milliardar kroner) den føregåande tolvmånadersperioden. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. I løpet av dei fire første månadene av 1998 gjekk indikatoren opp med i alt 34,8 milliardar kroner, omtrent det same som i tilsvarande periode året før. Den underliggjande veksten var 9,8 prosent ved utgangen av april, det same som ved utgangen av månaden før.

- Den sterke veksten i kredittgivinga held fram, sjølv om tolvmånadersveksten er noko lågare ved utgangen av april enn ein månad tidlegare, seier sentralbanksjef Kjell Storvik i ein kommentar.

Den registrerte pengemengda, M2, som i første rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 8,1 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av april. Ved utgangen av mars var tolvmånadersveksten 8,4 prosent. Den underliggjande veksten i M2 var 6,3 prosent ved utgangen av april, mot 12,5 prosent ved utgangen av månaden før.

Rentene i kredittmarknaden endra seg lite i første kvartal 1998. Utlånsrentene i bankane gjekk litt ned, medan innskotsrentene auka svakt. Rentemarginen viste dermed også dette kvartalet ein liten nedgang. Ved utgangen av mars låg utlånsrentene i bankane på 5,96 prosent og innskots-rentene på 2,86 prosent. Utlånsrentene i dei andre finansinstitusjonane fall også litt i første kvartal. Livselskapa og kredittføretaka sine utlånsrenter var såleis 5,28 og 6,19 prosent og utlånsrentene i dei statlege låneinstitutta 3,94 prosent ved utgangen av kvartalet.

I eurokronemarknaden var effektiv rente for ein månads løpetid 4,8 prosent 29. mai. Den effektive tremånadersrenta var 5,0 prosent, og tilsvarande rente for tolv månaders løpetid var 5,3 prosent. Frå 30. april til 29. mai auka eurokronerentene for ein og tolv månaders løpetid med 0,6 prosenteiningar. Tremånadersrenta auka med 0,7 prosenteiningar over same tidsrom. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente 0,4 prosenteiningar 29. mai, mot -0,2 prosenteiningar 30. april.

I perioden frå 30. april til 29. mai svekka kronekursen seg med 1,4 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 102,4 og 104,6. Verdien av krona målt ved den effektive kursen til industrien svekka seg med 0,7 prosent over den same perioden.

Noregs Bank kjøpte valuta frå bankane for 3,1 milliardar kroner i perioden frå og med 27. april til og med 22. mai. Statistikken syner at bankane selde valuta til utlendingar for 13,8 milliardar kroner og kjøpte valuta frå innlendingar for 15,5 milliardar kroner.

Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 192,6 milliardar kroner ved utgangen av april 1998, samanlikna med 189,0 milliardar kroner ved utgangen av mars 1998.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 2. juni 1998 00:00