Norges Bank

Pressemelding

Pressebulletin nr. 7/1997: Kreditt- og valutatilhøva

Noregs Banks kredittindikator auka med 8,3 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mai, mot 8,0 prosent i tolvmånadersperioden april 1996 - april 1997. Kredittindikatoren måler kor stor innanlandsk bruttogjeld næringsliv, hushald og kommunar har i norske kroner og utanlandsk valuta. Tolvmånadersveksten ved utgangen av mai er den sterkaste som har vore registrert sidan desember 1988. I dei fem fyrste månadene i år har indikatoren gått opp med i alt 43,4 milliardar kroner, mot ein oppgang på 21,3 milliardar kroner i same periode i fjor. Den underliggjande veksten auka frå 9,1 prosent ved utgangen av april til 10,8 prosent ved utgangen av mai. Den underliggjande veksten er definert som veksten i gjennomsnittleg behaldning frå førre til siste tremånadersperiode korrigert for valutakursomvurderingar og omrekna til årleg rate.

Den registrerte pengemengda, M2, som i fyrste rekkje omfattar behaldninga publikum har av bankinnskot, setlar og mynt, auka med 3,8 prosent dei siste tolv månadene fram til utgangen av mai. Ved utgangen av april var tolvmånadersveksten 1,9 prosent (reviderte tal). Den underliggjande veksten i M2 var 1,9 prosent ved utgangen av mai, mot -3,6 prosent ved utgangen av månaden før.

I eurokronemarknaden var den effektive einmånadsrenta 3,7 prosent og effektiv tremånadersrente 3,8 prosent 30. juni. Eurokronerenta med tolv månaders løpetid var 4,1 prosent. Eurokronerentene med ein månads og tre månaders løpetid auka med 0,2 prosenteiningar frå 30. mai, medan eurokronerentene med tolv månaders løpetid steig med 0,1 prosenteiningar. I interbankmarknaden auka effektiv einmånads- og tremånadersrente med respektive 0,1 og 0,2 prosenteiningar, til 3,8 prosent. For tre månaders løpetid var differansen mellom nominell eurokronerente og teoretisk ECU-rente -0,6 prosenteiningar 30. juni, medan differansen var -0,8 prosenteiningar 30. mai.

I perioden frå 30. mai til 30. juni har kronekursen svekka seg med 1,4 prosent målt mot ECU. Kursen, målt mot indeksert ECU, varierte mellom 101,36 og 103,67. Målt ved den effektive kronekursen til industrien svekka verdien til den norske krona seg med 2,2 prosent.

Noregs Bank kjøpte valuta for 2,9 milliardar kroner i perioden frå og med 26. mai og til og med 24. juni. Noregs Banks internasjonale reservar motsvara verdien av 200,4 milliardar kroner ved utgangen av mai 1997, samanlikna med 193,9 milliardar kroner ved utgangen av april 1997.

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 1. juli 1997 00:00