Leasing og factoring – meir enn berre finansiering
Når ei bedrift treng ein bil, ein maskin eller raskare betaling for uteståande fakturaer, er banklån ikkje alltid det føretrekte valet. Leasing og factoring er alternative finansieringsformer der kreditten er knytt til eit konkret objekt eller ein faktura. I Noreg utgjer slike produkt ein liten del av den samla gjelda til ikkje-finansielle føretak, men dei representerer samla likevel nær 190 milliardar kroner i finansiering. Marknaden har vakse over det siste tiåret, sjølv om årlege nyteikningar har falle noko i dei siste åra. Produkta er veletablerte, men inngår i mindre grad i etablerte analysar og indikatorar for kredittrisiko enn tradisjonelle banklån. Samtidig kan dei påverke korleis risiko blir fordelt i det finansielle systemet.
Leasing og factoring er blant dei mest etablerte alternativa til tradisjonelle banklån. Produkta kan framstå som ulike: Leasing gjeld leige av fysiske eigedelar, mens factoring inneber at eit finansføretak (bank eller finansieringsselskap) forskoterer betalinga for bedrifta sine uteståande fakturaer. Fellesnemnaren er at utlånar gir finansiering som er knytt til eit konkret underliggjande produkt eller krav. Koplinga gjer det òg mogleg å tilby føretak løysingar som kombinerer finansiering med tilleggstenester, som enklare rekneskapsføring, fakturainnkrevjing eller oppfølging av vedlikehald på kapitalintensivt utstyr.
Den tette koplinga mellom produkt og finansiering kan bidra til lågare kredittrisiko for utlånar, mellom anna fordi ho gir god oversikt over verdien av det underliggjande objektet – noko som gjeld både leasing og factoring. Ved leasing kjem det i tillegg at finansieringsselskapet framleis er formell eigar av objektet og kan ta det tilbake om noko går gale, noko som opnar for høgare finansieringsgrad enn ved tradisjonelle lån til direkte kjøp. Samtidig ber utlånar meir risiko knytt til sjølve produktet, særleg viss leigekontrakten er kortare enn den forventa levetida til produktet.
Eit anna kjenneteikn er at slike produkt i ein del tilfelle blir tilbodne gjennom eigne finansieringsselskap – ofte eigde av bankar – i staden for av banken direkte. Finansieringsselskapa har om lag halvparten av marknaden for leasing og ein firedel av marknaden for factoring – men bankane sjølve står for den største andelen av factoring og ein stor del av leasing òg, sjå figur 1. I Noreg er finansieringsselskap og bankar nært knytte saman: Mange er heileigde dotterselskap av bankar, som DNB Finans, eller del av internasjonale finanskonsern med eiga bankverksemd, som Volkswagen Møller Finans. Sjølv om utlån frå finansieringsselskap blir rekneskapsførte separat, vil tap i stor grad belaste banksektoren gjennom desse eigarforholda – på same måte som tap i kredittføretak belastar bankane som eig dei. Risikoen forsvinn dermed ikkje ut av banksystemet, men tek nye former, og det er derfor viktig å følgje utviklinga sjølv om produkta formelt ligg utanfor bankane sine eigne balansar. Internasjonalt varierer organiseringa mykje, frå bankintegrerte selskap til heilt uavhengige aktørar.
Bruken av leasing er stabil
Leasing er ei form for finansiering av bruksretten til eit objekt: I staden for at føretaket kjøper – kontant eller lånefinansiert – eig finansieringsselskapet objektet, og leasingtakar forpliktar seg til faste betalingar over avtaleperioden. Denne betalingsforpliktinga gjer leasing til eit reelt alternativ til banklån, sjølv om det juridisk er ein leigeavtale, og kan gjelde objekt som transportmiddel, maskinar eller teknisk utstyr. Leasing blir nytta av både føretak og hushald, men føretaka dominerer klart: Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at berre om lag 15 prosent av utlån knytte til leasing går til hushald.
Det er gjerne tre hovudgrunnar til at leasing blir nytta. For det første kan leasing vere praktisk, mellom anna ved at service og vedlikehald inngår som del av leasingavtalen, at det er enklare å byte ut utstyr, og at usikkerheit om verdifall i stor grad blir overteken av utleigar, som har betre oversikt over og kontroll på verdien av objektet. For det andre gir leasing tilgang til kapitalintensive varer utan at føretaket sjølv må stille eigenkapital eller annan garanti, sidan objektet sjølv fungerer som sikkerheit for finansieringa. For det tredje kan leasing ha skattemessige eller likviditetsmessige fordelar, mellom anna gjennom periodisering av meirverdiavgift og avskrivingar, avhengig av utforminga av avtalen.
Ein leasingkontrakt inneber ei finansiell forplikting som det er kostbart å bryte. Når eigarforholdet for den leigde gjenstanden blir liggande i finansieringsselskapet (operasjonell leasing), blir utgifter til leasing bokførte berre som ein kostnad i rekneskapen; er kontrakten derimot meint å dekke heile levetida til gjenstanden (finansiell leasing), skal han òg balanseførast. Frå 2019 innebar IFRS 16 at selskap som rapporterer etter IFRS – typisk børsnoterte konsern – må balanseføre nær sagt alle leigeavtalar, også dei som tidlegare blei klassifiserte som operasjonelle. For selskap som følgjer norsk rekneskapsstandard (NRS), gjeld framleis det tradisjonelle skiljet, utan krav til balanseføring av operasjonell leasing. Det er derfor viktig for utanforståande som skal vurdere den finansielle stillinga til eit føretak, å vite kva rekneskapsstandard føretaket følgjer, og å ta omsyn til kontraktsmessige bindingar utanfor balansen.
Den samla leasingmarknaden i Noreg er på om lag 170 milliardar kroner. Av det var 25 milliardar finansiering til hushald og 135 milliardar finansiering til ikkje-finansielle føretak (sjå figur 2). Målt i faste prisar har årlege nyteikningar i leasingmarknaden falle litt dei siste åra og var i 2025 på om lag 80 milliardar. Noko kan komme av lågt investeringsnivå i næringar med høg leasingandel, som bygg og anlegg.
Målt i samla utlånsvolum har leasing av køyretøy vakse over lang tid, mens leasing av datamaskinar har utvikla seg flatare (sjå figur 3).
Lausøyreregisteret gir ei oversikt over kva føretak som har leasingkontraktar. Som venta er frekvensen av leasingkontraktar særleg høg i kapitalintensive næringar som bygg- og anleggsbransjen, transport og industri. Vi finn at føretak med leasingkontraktar normalt har høgare inntening og resultat enn føretak i same næring utan (sjå figur 4). Samtidig har desse føretaka lågare likviditet og høgare lånegrad, i tråd med at leasing er mest attraktivt for føretak som kan betene forpliktingane sine, men ikkje ønskjer å binde opp meir pant. Skilnadene held seg etter kontroll for sektor.
Factoring blir særleg brukt ved sal til utlandet
Factoring er eit samleomgrep for finansiering basert på uteståande fakturaer. Føretaket overdrar fakturaen til ein bank eller eit finansieringsselskap og får betaling før forfall, heilt eller delvis. Samtidig overtar kreditor ansvaret for innkrevjing av kravet.
I Noreg er systemet for fakturabetaling relativt velfungerande, med standard betalingsfrist på tretti dagar og etablerte prosedyrar for purring og inkasso ved manglande betaling. Isolert sett vil det redusere behovet for factoring. Den samla finansieringa til ikkje-finansielle føretak ved factoring utgjer 18 milliardar kroner, og finansieringsselskapa held om lag 40 prosent av dette.
For føretak som sel varer og tenester til utlandet, kan innkrevjing av fakturaer vere meir krevjande. Det gjer det naturleg å anta at eksportretta føretak i større grad nyttar factoring, sidan finansieringa blir kombinert med spesialisert kompetanse i innkrevjing og kreditthandtering. Banken til importøren garanterer då gjerne betaling ved levering, noko eksportøren kan factorere for å finansiere produksjonen i forkant. Dette er særleg utbreidd blant råvareeksportørar som olje- og gassnæringa og sjømatnæringa – sjølv om factoring totalt sett dekker berre ein liten del av dei samla eksportinntektene til desse næringane.
Lausøyreregisteret gir ei oversikt over kredittrammer i factoringkontraktar, men ikkje kor mykje som blir trekt på avtalane. Tala viser at eksportorienterte næringar som gruvedrift og industri har ein klart høgare andel factoringavtalar enn til dømes typiske servicenæringar (sjå figur 5). Samtidig ser vi at også innanlandsretta infrastrukturnæringar som vassforsyning og elektrisitetsproduksjon nyttar factoring i stor grad. Det peikar mot ei breiare forklaring: Factoring ser ut til å vere særleg attraktivt for føretak med store fakturabeløp og lange betalingsfristar – noko som kjenneteiknar næringar med mykje sal til andre bedrifter, anten kundane er norske eller utanlandske.
Eit supplement til tradisjonelle banklån
Leasing og factoring er eit alternativ til tradisjonelle banklån for kundar med behov for fleksibel likviditet, og finansieringsselskapa er spesialiserte på slik kreditt og tilleggstenester som gjer drifta enklare, ofte med praktiske og skattemessige fordelar. Slik marknaden fungerer i Noreg i dag, utgjer leasing og factoring eit relevant supplement til banktilbodet. Men fordi valet mellom leasing, factoring og tradisjonelle banklån òg blir påverka av regulering og skattereglar, er det viktig å følgje utviklinga: Endringar i desse rammevilkåra kan gjere det meir eller mindre attraktivt å velje leasing og factoring framfor banklån og dermed flytte lån mellom ulike typar institusjonar utan at det speglar ei reell endring i underliggjande risiko.
0 Kommentarer