Norges Bank

Det internasjonale valutafondet (IMF)

Det internasjonale valutafondet (IMF) arbeider for å fremje internasjonalt økonomisk og finansielt samarbeid.

Back to top

IMF vart oppretta i 1944 og har i dag 190 medlemsland. Noreg har vore medlem sidan starten. IMF skal fremje samarbeid om det internasjonale monetære systemet, styrkje finansiell stabilitet globalt og regionalt, støtte opp under internasjonal handel og yte kriselån til land med betalingsbalanseproblem. IMFs tre hovudoppgåver er:

  • overvake økonomien i medlemslanda for å førebyggje økonomiske ubalansar og kriser
  • gi lån til medlemsland som har problem med betalingsbalansen.
  • gi teknisk assistanse til medlemslanda

IMF samarbeider med andre internasjonale organisasjonar som Bank for International Settlements (BIS), Financial Stability Board (FSB), Verdsbanken, dei regionale utviklingsbankane og Verdens handelsorganisasjon (WTO). IMF bidreg òg til arbeidet i G20 med å stabilisere og styrkje verdsøkonomien.

Styresett

Det øvste organet i IMF er guvernørrådet, der alle medlemslanda er representerte. Guvernørrådet møtest ein gong i året, og består av ein guvernør og ein avløysande guvernør frå kvart medlemsland. For Noreg er sentralbanksjefen medlem i guvernørrådet, medan departementsråden i Finansdepartementet (finansråden) er avløysar.

Det daglege arbeidet blir leidd av IMF sitt styre, som består av administrerande direktør i IMF og 24 representantar for medlemslanda. Noreg inngår i ein valkrins med dei andre nordiske og dei tre baltiske landa. Valkrinsen har ein felles styrerepresentant. Den nordisk-baltiske styreplassen går på omgang mellom landa i valkrinsen.

Den internasjonale monetære og finansielle komiteen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) fastset dei overordna politiske retningslinjene for verksemda til IMF. Komiteen møtest to gonger i året og har medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå som representerer dei 24 valkrinsane.

Stemmevekta til kvart land, både i guvernørrådet og styret, er avhengig av kvoten landet har i IMF. Kvotane reflekterer kor viktig landet er i verdsøkonomien. Noreg har ei stemmevekt på 0,77 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,28 prosent av stemmene. Kvotane bestemmer kor mykje medlemslandet må bidra med til å finansiere IMF, og dannar utgangspunktet for kor store lån det kan få dersom det får betalingsvanskar.

Norsk og nordisk-baltisk samordning

I Noreg er ansvaret for saker som gjeld Noregs medlemskap i IMF lagt til Finansdepartementet, medan Noregs Bank forvaltar Noregs finansielle forpliktingar og rettar overfor IMF (sentralbanklova § 3-10). På oppdrag frå Finansdepartementet har Noregs Bank eit sekretariatsansvar for det daglege arbeidet med IMF og lagar i samråd med departementet forslag til norske synspunkt i saker som skal opp i IMF-styret. Det er departementet som tek den endelege avgjerda om kva for syn Noreg skal fremja. Det er vidare ei omfattande løpande koordinering mellom landa i den nordisk-baltiske valkrinsen for å sikre samordning av synspunkta i enkeltsakene som blir behandla i IMF sitt styre gjennom året.

Landa i valkrinsen samordnar dei overordna synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC), som har visesentralbanksjefen og finansråden som norske medlemmer. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. Det er òg etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa) med representantar for sentralbankane og finansdepartementa i valkrinsen.

Heimlandet til den nordisk-baltiske styrerepresentanten har ansvaret for å samordne dei nordisk-baltiske synspunkta. I samordninga prøver ein å komme fram til felles standpunkt som styremedlemmen presenterer i IMF-styret. 

Innlegga frå den nordisk-baltiske representanten på møta i IMFC og på årsmøta til IMF gir uttrykk for det overordna synet valkrinsen har på viktige IMF-saker.  Valkrinsens representant i IMFC blir vanlegvis bytt kvart år. 

Rapportar frå den nordisk-baltiske valkrinsen

Den nordisk-baltiske styrekontoret i IMF utarbeider årlege rapportar om sentrale tema som har vore behandla i styret. Rapportane gir ein kort presentasjon av dei mest sentrale sakene. Dei presenterer òg hovudbodskapen som den nordisk-baltiske stolen framførte i styret. Sjå rapportane

IMF om norsk økonomi

IMF går kvart år gjennom utviklinga i norsk økonomi og økonomisk politikk. Rapportane finn du på nettsidene til IMF. På Finansdepartementet sine nettsider finn du dokument som norske myndigheiter har utarbeidd i samband med dei årlege konsultasjonane og ei oversikt over omtalen av IMF i dokument til Stortinget. I Finansmarkedsmeldinga finst òg årleg oppdatert informasjon om IMF sitt arbeid.

Finansieringa av IMF

IMF sine utlånsordningar

IMF fungerer som ein kredittunion der innskott og innlån frå medlemslanda lånast ut til andre medlemsland.

Utlånsverksemda til IMF skjer gjennom tre ulike kanalar:

Dei ordinære utlåna til land med betalingsbalanseproblem, som alle land kan søkje på, finansieriast først og fremst gjennom kvotane. I tillegg har mange land inngått avtalar med IMF om tilleggfinansiering gjennom den multilaterale innlånsordninga New Arrangements to Borrow (NAB) og gjennom bilaterale låneavtalar. 

IMF har og subsidierte utlånsordningar for låginntektsland som har vanskar med betalingsbalansen (Poverty Reduction and Growth Facility). Denne ordninga finansierast gjennom eit særskilt fond som mottek frivillige lån frå medlemsland. Subsidieringa av renta i ordninga finansierast gjennom frivillige bidrag frå ulike medlemsland.

I 2022 etablerte IMF ei ny utlånsordning (The Resilience and Sustainability Facility (RSF)) med formål å gi subsidiert, langsiktig finansiering til land som gjennomfører reformer for å redusere risikoen for framtidige betalingsbalanseproblem, inklusive slike problem som har samanheng med t.d. klimaendringar og pandemiar. Det er frivillig å bidra med finansiering til denne ordninga.

Noreg bidreg til finansieringa av IMF på følgjande måtar: 

Noreg bidreg til å finansiere dei ordinære utlåna først og fremst ved Noregs kvote i IMF (medlemsinnskot) som er på 3,8 mrd. SDR (Special Drawing Rights). Noreg har inngått to låneavtalar med IMF som finansierer dei generelle utlåna. Noreg deltek i den multilaterale låneordninga NAB, der IMF kan trekkje inntil 2,0 mrd. SDR på Noreg. Avtalen er inngått mellom IMF og Finansdepartementet, og Noregs Bank stiller valutareservar til disposisjon etter paragraf 25 i sentralbanklova. Noregs Bank har ein bilateral låneavtale der IMF kan trekkje inntil 6 mrd. SDR. Avtalen er godkjent av Finansdepartementet etter paragraf 3-10 i sentralbanklova. Trekte kvotemidlar og trekk på dei to låneavtalene blir godtgjorde med SDR-renta. Sjå oppdatert informasjon om SDR og SDR-renta på IMF sine nettsider.

Noreg bidreg òg til finansieringa av IMFs subsidierte utlånsordning for låginntektsland (Poverty Reduction and Growth Facility) med 1,15 mrd SDR. Avtalen er inngått mellom Finansdepartementet og IMF, og Noregs Bank stiller valuta til disposisjon etter sentralbanklova. Midla blir løyvd over bistandsbudsjettet.

Utlåna fra IMF og frå PRGT blir styrt etter retningslinjer fastsett av IMFs styre. Noreg er ikkje direkte eksponert for risikoen knytt til enkeltland i utlånsporteføljen som IMF eller PRGT forvaltar, sidan alle fordringar er mot IMF eller PRGT.

Oppdatert informasjon om IMFs fordringar på Noreg finst i kvartalsrapportar om forvaltningane av valutareservane til Noregs Bank.

Sist endret 11. desember 2023 12:00

Meir informasjon

Sist endret 11. desember 2023 12:00