Mynt

20-kronemynten

20-kroningen blei utgitt 1. november 1994.

Diameter: 27,5 mm
Tjukkleik: 2,2 mm
Vekt: 9,9 g
Legering: 81% Cu, 10% Zn, 9% Ni
Rand: Glatt

Formgivar: Nils Aas

Preg:

Advers (framside):
H.M. Kong Harald Vs portrett i profil sett frå høgre. Under halsavsnittet til portrettet: signaturen til formgivar Nils Aas (NAA). Under portrettet: HARALD V / NORGES KONGE.

Revers (baksida):
Framstamn av vikingskip og valørnemninga 20 KR. Under skipet: pregeåret delt av Den Kongelige Mynts (no Det Norske Myntverket) merke (hammar og bergsjern krosslagde). Nederst meket / initialane til myntdirektøren.

Frå og med pregeåret 2007 er initialane til myntdirektøren tekne bort. 

Publisert1. november 1994 12:20