1-kronemynten - Utforming og tekniske data

Diameter: 21,0 mm
Sentralt hòl: 3,2 mm
Tjukkleik: 1,7 mm
Vekt: 4,35 g
Legering: 75% Cu, 25% Ni
Rand: Glatt

Formgivar: Ingrid Austlid Rise

Preg:

Advers (framsida): Kors danna av det krona monogrammet til H.M. Kong Harald V gjenteke tre gonger og med to parallelle linjer - som svarar til dei to loddrette linjene i monogrambokstavene - som nedste, loddrette korsarmen. Det runde midtfeltet er avgrensa av en sirkel som går slik at kronene i monogramma er utanfor denne. Nedst står omskrifta NORGE flankert av Den Kongelige Mynts (no Det Norske Myntverket) merke (hammar og bergsjern krosslagde) og merket / initialane til myntdirektøren.

Frå og med pregeåret 2007 er initialane til myntdirektøren tekne bort. Merket til myntverket er frå og med same tidspunktet plassert inne i den underste stolpen (rett over R i NORGE).

Revers (baksida) Fugl vend mot venstre sitjande i rankeverk. Motivet er ei fri attgiving av utskjeringar på portalen i Hylestad stavkyrkje i Setesdal. Under motivet: pregeåret som innskrift og valørnemninga 1 KRONE i omskrift. Til høgre i rankeverket signaturen til formgivar Ingrid Austlid Rise (IAR).

Publisert 4. mai 2017 21:00