Representantskapets årlege rapport til Stortinget

Representantskapet skal minst ein gong årleg leggje fram for Stortinget si fråsegn om hovudstyrets protokollar og tilsynet med banken, jf. § 5 fjerde ledd femte punktum. Gjenpart av fråsegna vert sendt Finansdepartementet. Fråsegn om tilsynet med banken skal minst innehalde:

  1. ei utgreiing om korleis tilsynet med banken har vore organisert,
  2. ei utgreiing om gjennomførde tilsynsaktivitetar og representantskapets prioriteringar i det vidare tilsynsarbeidet,
  3. ei utgreiing om tilsynet med bankens kapitalforvalting,
  4. representantskapets vurdering av hovudstyrets styring og kontroll med bankens administrasjon og verksemd, jf. § 5 tredje ledd andre punktum,
  5. ei utgreiing om representantskapets arbeid med vedtaking av bankens budsjett og fastsetjing av rekneskap, jf. § 5 fjerde ledd andre punktum,
  6. eventuelle særlege merknader som tilsynet måtte gi grunnlag for.
Publisert 25. oktober 2011 17:26
Endret 5. april 2017 08:56