Marknader og banktenester (MB)

Avdelinga skal overvake, formidle og analysere relevant utvikling i penge- og kapitalmarknadene.

Avdelinga skal sikre:

  • God forståing av utviklinga i marknadene
  • Kapasitet og evne til å handsame kriser i det finansielle systemet
  • Effektiv styring av samla likviditet i banksystemet
  • At samfunnets etterspurnad etter kontantar vert møtt på ein måte som fremjar eit effektivt betalingssystem
  • Solid utøving av rolla som banken til bankane og staten
  • Stabile, funksjonelle og effektive IT-tenester i sentralbankverksemda

Leiar: Direktør Kristin Gulbrandsen
Tlf. 22 31 60 25

Einingar i avdelinga:

Kontante betalingsmiddel (KB)

Eininga tek hand om ansvaret Noregs Bank har etter sentralbanklova som utferdar av setlar og mynt. Ho syter for at det blir tilført nye setlar og mynt etter kvart som behovet oppstår, og at det som er slite, blir fjerna og øydelagt. I samband med dette har eininga ansvar for kva rolle Noregs Bank skal ha på dette området, og at sentralbanken si verksemd knytt til dette blir ivareteke.

Eininga har ansvar for nyutgjevingar og forbetringar av setlar og mynt for å sikre at kontantane har eigenskapar som gjer dei til eit effektivt betalingsmiddel. Informasjon om utsjånad og eigenskapar for setlar og mynt, særleg når det skjer endringar, er viktig for at dei skal bli tekne imot med naudsynt tillit, og er derfor ein sentral del av ansvarsfeltet til eininga.

Leiar: Leif Veggum
Tlf. 22 31 62 93

Marknadsoperasjonar og analyse (MOA)

Eininga har utstrakt kontakt med marknadene i Noreg og internasjonalt og utarbeider analysar som ledd i utforminga av pengepolitikken. Eininga står også for dei pengepolitiske transaksjonane Noregs Bank utfører i dei innanlandske penge- og kapitalmarknadene og valutamarknadene.

MOA har også ansvaret for å utarbeide ein strategi for forvaltinga av Noregs Banks valutareservar og forvaltar rentepapira i reservane. MOA har ansvar for å utstede og forvalte statsgjelda etter eit mandat fastsett av Finansdepartementet.

Leiar: Olav Andreas Bø
Tlf. 22 31 67 43

Likviditet: Tlf. 22 31 71 70 / Fax: 22 33 37 35
Valuta: Tlf. 22 31 71 50
Statsgjeld: Tlf. 22 31 71 40

Interbankoppgjer (IBO)

Eininga har ansvar for oppgjer av betalingar på øvste nivå i betalingssystemet for norske kroner. I Noregs Banks oppgjerssystem (NBO) blir betalingar mellom bankane, mellom bankane og Noregs Bank og mellom bankane og staten gjort opp med endeleg verknad. Betalingane mellom bankane gjeld betalingstenester for kundane, valutahandel, handel med verdipapir og bankane sin eigen likviditetsstyring. Betalingane mellom bankane og Noregs Bank gjeld bruken av dei likviditetspolitiske instrumenta i pengepolitikken, kjøp av valuta til Statens pensjonsfond utland, bankane sine innskot og uttak av kontantar, Noregs Banks eigen drift og bankane sine betalingstenester for staten. Likviditeten for staten blir samla på statens foliokonto. 

Eininga administrerer bankane si pantsetjing for lån i Noregs Bank. Dette gjeld både lån av likviditetspolitiske omsyn og lån gjennom dagen for å lette betalingsoppgjera.

Leiar: Kjetil Heltne
Tlf. 22 31 60 23 / 22 31 60 25

IKT

Eininga har ansvar for stabile, funksjonelle og effektive IT-tenester i sentralbankverksemda.

Leiar: Helge Mothes
Tlf. 22 31 65 69

Publisert 1. juni 2012 08:55
Endret 2. januar 2017 10:19
Kristin Gulbrandsen
Direktør, Markeder og banktjenester

Kontakt:

Tlf.: 22 31 60 25