Konsern og fellesfunksjonar (KF)

Avdelinga har ansvar for støttefunksjonar i Noregs Bank.

Oppgåvene er blant anna:

  • Juridisk rådgjeving og sakshandsaming
  • Å medverke til styring og oppfølging av budsjett, rekneskap og innkjøp
  • Ansvar for sikkerheit og beredskap
  • Ansvar for servicefunksjonar, inkludert sekretariatsoppgåver og forkontortenester
  • Ansvar for drift av bankens eigedomar
  • Ansvar for HR-strategi og å ta vare på den sentrale arbeidsgjevarrolla
  • Ansvar for den operative kommunikasjonsverksemda, translatørtenester og informasjonsforvalting

Leiar: Direktør Jannecke Ebbesen
Tlf. 22 31 62 26

Einingar i avdelinga:

Juridisk

Eininga står for juridisk rådgjeving og sakshandsaming på heile verkeområdet til sentralbankversemda, med særleg vekt på sentralbanklovgjeving og betalings- og oppgjerssystem, finansielle instrument og formuesforvalting, setlar og mynt og eigenforvaltinga i banken. Eininga har også ansvar for at regler om offentleg sakshandsaming vert følgde.

Leiar: Alexander Behringer
Tlf. 22 31 66 96

Økonomistyring og rekneskap

Eininga har ansvar for økonomistyring, rekneskap, innkjøp og administrativ prosesstyring. Den har også ansvar for operativ støtte til staben som er knytt til operasjonell risikostyring og styringssystem.

Økonomidirektør: Ørjan Agdesteen
Tlf. 22 31 61 59

Sikkerheit og beredskap

Hovudoppgåva til eininga er å ta hand om den operasjonelle tryggleiken til sentralbanken. SIB har ansvaret for sikkerheitsstyring i banken, der beredskap i organisasjonen og strukturell sikkerheit står sentralt. Eininga har også det utøvande ansvaret for fysisk sikring, det vil si vakthald knytt til bygg, verdiar og personar. Andre sentrale oppgåver er å leggje premissar for informasjonssikkerheit, og å forvalte personkontrollen av egne tilsette og innleidde.

Fung. Sikkerhetsdirektør: Carl-Axel Hagen
Tlf. 22 31 66 04

Eigedom

Eininga har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av Noregs Banks hovudsete på Bankplassen 2, samt for banken sine ferie- og konferansestader. Hovudsetet er eit viktig monumentalbygg i Oslo med høg kulturhistorisk verdi, og oppgåvene har høge og særskilde krav til tryggleik, funksjonalitet og utforming. Andre sentrale oppgåver er å vidareutvikle bygningane og drifta gjennom berekraftig miljøsatsing, effektiv bruk av areal og standardisering av arbeidsplassar for auka fleksibilitet og redusert behov for ombyggingar.

Leiar: Kristin Fagerhaug
Tlf. forkontor 22 31 62 43

HR

Eininga har ansvaret for den sentrale arbeidsgivarfunksjonen medrekna utforming og innføring av HR-strategi, lønn, lønnsforhandlingar, HMS og beredskap for personell og pårørande. HR har og ansvaret for bedriftshelseteneste, og organisasjons- og leiarutvikling innan sentralbankverksemda. Eininga har vidare ansvaret for servicesenter og gjennomføringa av større internasjonale konferansar og arrangement.

Leiar: Jane Aamodt Haugland
Tlf. 22 31 69 02 / 90 98 99 54

Kommunikasjon

Eininga har ansvar for det operative arbeidet knytt til kommunikasjon i Noregs Bank. Oppgåvene omfattar mediehandtering og medierådgiving for Noregs Bank, ansvar for banken sine nettsider, intranett og språktenester, samt arbeid med leiinga sine talar og foredrag.

Kommunikasjonssjef: Andreas Andersen
Tlf. 22 31 61 63 / 98 84 86 44

Informasjonsforvalting

Eininga har ansvar for informasjonsforvalting i Norges Bank. Oppgåvene omfattar ansvar for sentralarkiv, fagbibliotek, samlingar og kunstsamling.

Leiar: André Neergaard
Tlf. 22 31 65 64

Publisert 6. februar 2007 13:05
Endret 9. mars 2017 18:16
Jannecke S. S. Ebbesen
Direktør, Konsern og fellesfunksjoner

Kontakt:

Tlf.: 22 31 62 26