Internrevisjonen (IR)

På vegner av hovudstyret skal internrevisjonen verke til at Noregs Bank når måla sine. Dette skal ein gjere gjennom å sjå til at det i banken er etablert og blir gjennomført ei tilstrekkeleg og effektiv styring av vesentlege risikoar, og at internkontrollen er føremålstenleg og fullgod. 

Internrevisjonen skal uavhengig og objektivt uttale seg og gi råd for å medverke til forbetringar i styrings- og kontrollsystema. Internrevisjonen er likevel ikkje ansvarleg for å utforme eller setje i verk Noregs Banks internkontroll.

Leiar: Revisjonsdirektør Ingunn Valvatne
Telefon forkontor: 22 31 63 12

Publisert 28. februar 2008 13:06