Hovudstyret

Hovudstyret har ansvar for den utøvande og rådgivande verksemda i Noregs Bank og forvaltar midlane til banken.

Å utøve pengepolitikken er ei sentral oppgåve for hovudstyret. Vedtak om renteendringar eller andre viktige omleggingar i verkemiddelbruken blir normalt gjorde i rentemøta til hovudstyret seks gangar i året.

Hovudstyret består av åtte medlemmer – alle oppnemnde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen er leiar og visesentralbanksjefane er høvesvis første og andre nestleiar. Dei fem andre medlemmene er ikkje tilsette i banken. Det blir òg oppnemnt to varamedlemmer for dei eksterne medlemmene som møter fast med talerett i styret.

Dei tilsette har to medlemmer som deltek ved behandling av saker som gjeld den interne drifta i banken og tilhøva for dei tilsette. I slike saker deltek òg dei to eksterne varamedlemmene, slik at hovudstyret då har tolv medlemmer.

Normalt har hovudstyret møte kvar tredje veke.

Medlemene i hovudstyret:

Øystein OlsenØystein Olsen

F. 1952. Utnemnd på nytt som sentralbanksjef og leiar av hovudstyret for ein åremålsperiode på seks år frå 1. januar 2017. Olsen har sete i stillinga sidan 1. januar 2011.

Olsen har erfaring mellom anna som administrerande direktør for Statistisk sentralbyrå og ekspedisjonssjef i Finansdepartementet. Han har òg vore leiar eller medlem av fleire utval oppnemnde av regjeringa.

Olsen har sosialøkonomisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo.

 Øystein Olsen sin CV 

Jon NicolaisenJon Nicolaisen

F. 1959. Utnemnd som visesentralbanksjef og første nestleiar for hovudstyret frå 1. april 2014 for eit tidsrom på inntil seks år. 

Nicolaisen følger opp sentralbankverksemda, med særleg ansvar for bankens arbeid knytt til finansiell stabilitet.

Nicolaisen har erfaring mellom anna som avdelingsdirektør og nestleiar i økonomiavdelinga i Finansdepartementet, seksjonsleiar i OECD- sekretariatet og direktør for Noregs Bank Pengepolitikk.

Nicolaisen har sosialøkonomisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Jon Nicolaisen sin CV

Egil Matsen

Egil Matsen

F. 1968. Utnemnd som visesentralbanksjef og andre nestleiar for hovudstyret frå 18. januar 2016 for eit tidsrom på inntil seks år. Leiar av risiko- og investeringsutvalet og eigarskapsutvalet i hovudstyret.

Matsen har eit særleg ansvar for å følge opp Noregs Bank Investment Management sine saker til hovudstyret.

Matsen har erfaring mellom anna som professor og instituttleiar ved Institutt for samfunnsøkonomi, NTNU. Tidlegare har han mellom anna vore Fulbright-stipendiat ved Harvard University og forskar i Noregs Bank. Viktigaste forskningsfelt: Makroøkonomi, finans og adferdsøkonomi.

Matsen er dr.oecon. frå Noregs Handelshøgskole.

Hilde MyrbergHilde Myrberg 

F. 1957. Oppnemnd som styremedlem for perioden 1. januar 2014 – 31. desember 2017. Leiar av kompensasjonsutvalet i hovudstyret.

Myrberg er styremedlem i CGG (fransk seismikkselskap) og Nordic Mining. Ho har tidlegare vore i leiinga i Orkla og Norsk Hydro, samt styremedlem i mellom anna Finanstilsynet, Renewable Energy Corporation (REC) og Kongsberg Automotive.

Myrberg har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo og MBA frå INSEAD.

 

Ketil StoreslettenKjetil Storesletten 

F. 1967. Oppnemnd som styremedlem for perioden 1. januar 2014 – 31. desember 2017. Medlem av risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Storesletten er professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo, og gjesteprofessor ved Universität Zürich. Han har vore tilknytt Stockholms universitet og Federal Reserve Bank of Minneapolis. Storesletten er mellom anna styreleiar i Review of Economic Studies og er ein Econometric Society Fellow. Han har óg vore medlem av Thøgersen-utvalet, oppnemd av regjeringa. Viktigaste forskningsfelt: Makroøkonomi og finansiell økonomi med vekt på risikodeling og prissetting i finansmarknadane.

Storesletten er siviløkonom frå Noregs Handelshøgskole og har PhD i samfunnsøkonomi frå Carnegie Mellon University. Storesletten sin CV

Karen Helene Ulltveit-MoeKaren Helene Ulltveit-Moe

F. 1967. Oppnemnd som styremedlem for perioden 1. januar 2014 – 31. desember 2017. Leiar av revisjonsutvalet og medlem av risiko- og investeringsutvalet i hovudstyret.

Ulltveit-Moe er professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo, og Research Fellow ved Centre for Economic Policy Research (CEPR) og CESifo. Ho var tidlegare tilknytt Noregs Handelshøgskole. Ulltveit-Moe har styreerfaring frå mellom anna Kverneland Group, Renewable Energy Corporation (REC), Norwegian Property og Gassnova, og ho har vore medlem av representantskapet i Storebrand og bedriftsforsamlinga i Norsk Hydro. Ho har óg vore leiar eller medlem av fleire utval oppnemd av regjeringa, mellom anna Skaugeutvalet, Finanskriseutvalet og Arbeidstidutvalet. Viktigaste forskningsfelt: Internasjonal økonomi, produktivitetsanalyse og skatte- og næringspolitikk.

Ulltveit-Moe er siviløkonom frå Universität Mannheim og dr. oecon frå Noregs Handelshøgskole. Personleg heimeside (UiO)

Kathryn M. BakerKathryn M. Baker 

F. 1964. Oppnemnd som styremedlem for perioden 1. januar 2016 – 31. desember 2019. Medlem av revisjonsutvalet og eigarskapsutvalet i hovudstyret.

Baker har brei styreerfaring og er mellom anna styremedlem i Akastor. Ho har tidlegare vore partner i private equity-selskapet Reiten & Co og konsulent i McKinsey & Company. Ho har óg vore styreleiar i mellom anna Norsk Venturekapitalforening (NVCA), Safe Road og Ellipse Klinikken, samt styremedlem i mellom anna Data Respons, BW Gas og Factor Insurance Group.

Baker har bachelorgrad i samfunnsøkonomi frå Wellesley College og MBA frå Tuck School of Business at Dartmouth College.

Steinar JuelSteinar Juel

F. 1950. Oppnemnd som styremedlem for perioden 1. januar 2016–31. desember 2019. Medlem av revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet i hovudstyret.

Juel er samfunnsøkonom i Civita. Han har lang erfaring frå Kreditkassen/Nordea, det meste av tida som sjeføkonom. Tidlegare har han arbeidd i Noregs Bank, Finansdepartementet, Bankforeningen og EFTA-sekretariatet i Genève, og han var personleg rådgivar for finansministrane Rolf Presthus og Arne Skauge.

Juel har sosialøkonomisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo.

Varamedlemmer:

Arne HyttnesArne Hyttnes

1. varamedlem. Oppnemnd for perioden 4. mars 2016 - 31. desember 2019. Medlem av eigarskapsutvalet i hovudstyret.

 

 

 

Kristine LandmarkKristine Landmark

2. varamedlem. Oppnemnd for perioden 4. mars 2016 - 31. desember 2019. Medlem av kompensasjonsutvalet i hovudstyret.

 

 

 

Representantar for dei tilsette: 

 

Mona Helen SørensenMona Helen Sørensen

F. 1963. Representant for dei tilsette for perioden 1. januar 2016–31. desember 2016.

Tilsett i Noregs Bank i 1991. Leiar og hovudtillitsvald i Finansforbundet i Noregs Bank frå 1. januar 2016.

Har ein bachelor i økonomi og administrasjon og ein Executive Master of Management med spesialisering i bruksretta organisasjonspsykologi frå Handelshøyskolen BI.

 

Nina Larsson MidthjellNina Larsson Midthjell

F. 1981. Representant for dei tilsette for perioden 1. november 2016 – 1. november 2018.

Tilsett i Noregs Bank i 2008.

Har doktorgrad i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Oslo.

Kristoffer Haugen er varamedlem for Nina Larsson Midthjell.

 

Hovudstyret har fire underutval:

Revisjonsutvalet

Saksførebueande og rådgivande utval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvaltning og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring og internkontroll. Oppretta: 2006.

Sjå også: Forskrift om risikostyring og internkontroll i Norges Bank (Lovdata)

Kompensasjonsutvalet

Saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane til banken. Oppretta: 2009.

Sjå også: Kapittel 15 i Forskrift om finansforetak og finanskonsern (finansforetaksforskriften) (Lovdata)

Eigarskapsutvalet

Saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld bankens ansvarlege forvaltingsverksemd og vedtak om observasjon og utestenging av selskap frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Oppretta: januar 2015.

Sjå også: Retningslinjer for observasjon og utelukkelse fra Statens pensjonsfond utland

Risiko- og investeringsutvalet

Saksførebuande og rådgivande utval som skal styrkje og effektivisere hovudstyrets arbeid med saker knytte til investeringsstrategi, risikorammer og vedtak om eigedomsinvesteringar av særleg storleik. Oppretta: juni 2015.

Publisert 25. april 2007 09:54
Endret 17. januar 2017 15:35

Kommende rentemøter