Organisering og styring

Verksemda til Noregs Bank er regulert i sentralbanklova. Lova slår fast at Noregs Bank skal være eit utøvande og rådgivande organ for penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei øvste organa i banken er hovudstyret og representantskapet

Sentralbanksjefen står for den daglege leiinga av banken med visesentralbanksjefane som høvesvis første nestleiar og andre nestleiar.

For Noregs Bank Investment Managment (NBIM) har hovudstyret delegert ansvaret for den daglege leiinga direkte til leiaren for NBIM gjennom stillingsinstruks.

Sentralbanklova regulerer forholdet mellom Noregs Bank og styresmaktene. Lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU) regulerer ansvarsforholdet mellom Noregs Bank og Finansdepartementet når det gjeld forvaltningsoppdraget for SPU.

Sentralt leiarforum

Sentralt leiarforum (SLF) er eit rådgivande forum for sentralbanksjefen for drøfting av saker på område der det er behov for at sentralbanksjefen fattar vedtak eller fastset retningslinjer som har verknad for begge verksemdområda til banken. SLF skal vidare handsama saker av betyding for heile verksemda som skal til handsaming i Noregs Banks hovudstyre, inkludert fastsetjing av eller endringar i overordna prinsipp frå hovudstyret.

Sentralt leiarforum i Noregs Bank (SLF) består av sentralbanksjefen (leiar), begge visesentralbanksjefane, CEO NBIM, Deputy CEO NBIM og CEO NBREM. I tillegg møter normalt stabsdirektør, juridisk direktør og kommunikasjonsdirektør.

Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingene

Banken har òg ein internrevisjon.

Sentralbankverksemda har ved utgangen av 2015 om lag 335 tilsette om ein og reknar med representantskapet sitt tilsynssekretariat. Norges Bank Investment Management har om lag 414 og Norges Bank Real Estate Management 107 tilsette. Til saman har Noregs Bank 856 fast tilsette.

Organisasjonskart

Noregs Bank blir styrt gjennom ein kombinasjon av mål- og resultatstyring og rammestyring. Sentralbankverksemda blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, mål og rammer og handlingsplanar. Norges Bank Investment Management blir i hovudsak styrt gjennom strategiplan, oppfølging av investeringsmandata og rapportering av resultat.

Norges Banks pensjonskasse skal yte pensjonar til medlemene og andre pensjonsberettiga i henhold til inngått pensjonsavtale mellom pensjonskassa og Noregs Bank. Norges Banks pensjonskasse - Årsrapport 2015 og Årsrapport 2014

Publisert 6. februar 2007 12:06
Endret 19. februar 2016 14:28

Sjå også