Pengepolitikk

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken i Noreg. Noregs Bank skal føre ein pengepolitikk retta inn mot låg og stabil inflasjon.

Målet

Det operative målet for pengepolitikken skal vere ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Pengepolitikken skal samstundes medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing. Noregs Bank sitt viktigaste verkemiddel er styringsrenta, som er renta på bankane sine innskot i Noregs Bank.

Det skal i utgangspunktet ikkje takast omsyn til direkte effektar på konsumprisane som skuldast endringar i rentenivået, skattar, avgifter og særskilde, mellombels forstyrringar. Det vil i sanntid alltid vere vanskeleg å avgjere kva for prisrørsler som vil vare ved og kva for nokre som berre vil ha kortvarige verknader på KPI. Det vil ikkje vere éin enkelt indikator som i alle situasjonar kan gje eit rett bilete av det underliggjande prispresset. Ulike mål på underliggjande inflasjon blir drøfta i Pengepolitisk rapport.

Gjennomføring og horisont

Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetjing blir tillagde vekt.

Pengepolitikken verkar med eit tidsetterslep. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær målet på mellomlang sikt. Den aktuelle horisonten vil avhenge av forstyrringane økonomien er utsett for og korleis dei vil verke inn på utviklinga av inflasjon og realøkonomi framover.

Verkemidla

Noregs Bank sitt viktigaste verkemiddel er styringsrenta, som er renta på bankane sine innskot opp til ei viss kvote i Noregs Bank.

Styringsrenta påverkar dei korte pengemarknadsrentene. Styringsrenta og forventningane om den framtidige utviklinga i styringsrenta er avgjerande for innskots- og utlånsrentene i bankane og for renta i obligasjonsmarknaden.

I tillegg til å endre styringsrenta kan Noregs Bank kjøpe eller selje kroner (intervenere) i valutamarknaden for å påverke kronekursen. Noregs Bank har beredskap for å kunne intervenere i valutamarknaden, men vil normalt ikkje bruke intervensjonar. Valutaintervensjonar, anten det er kjøp eller sal av valuta, er ikkje eigna som verkemiddel for å påverke kronekursen over lengre tid. Intervensjonar kan derimot vere aktuelt dersom kronekursen kjem vesentleg utanfor det banken vurderer som rimeleg ut frå fundamentale føresetnader, og kursutviklinga samtidig svekkjer utsiktene til å nå inflasjonsmålet. Det kan òg vere aktuelt å intervenere ved store kortsiktige svingingar i kronekursen når likviditeten i valutamarknaden er sterkt redusert. Noregs Bank har ikkje intervenert i valutamarknaden sidan januar 1999.

Avgjerdsprosessen

Hovudstyret får lagt fram for seg og drøftar hovudlinjene i analysen i Pengepolitisk rapport i eit møte om lag to veker før rapporten blir publisert. Aktuelle tema til rapporten er blitt diskutert i eit tidlegare møte. På bakgrunn av analysane og diskusjonen vurderer hovudstyret konsekvensane for den framtidige renteutviklinga. Vedtak om ein pengepolitisk strategi blir gjord samme dag som rapporten blir offentleggjort. Strategien gjeld for perioden fram til neste rapport og er attgjeven i Pengepolitisk rapport. Frå 2002 til 2004 vart den pengepolitiske strategien publisert som eit eige strateginotat.

Formidling av rentevedtaket

Rentevedtak og rådet om motsyklisk kapitalbuffer blir normalt offentleggjorde i ei pressemelding kl. 10.00 dagen etter rentemøtet.

Samtidig offentleggjer banken "Hovedstyrets begrunnelse for rentebeslutningen", der ein gjer greie for både dei vesentlege trekka ved utviklinga i økonomien som har fått betydning ved rentevedtaket og for avvegingane i hovudstyret.

Pressemeldinga, hovudstyret si grunngjeving for rentevedtaket og ei figurpakke som er ein del av bakgrunnen for drøftinga på rentemøta, er tilgjengelege på internett.

Kl. 10.00 blir det halde ein pressekonferanse der sentralbanksjefen eller visesentralbanksjefen gjer nærare greie for rentevedtaket i hovudstyret. Pressekonferansen er tilgjengeleg på nett-TV.

Rapportering og etterprøving

Noregs Bank rapporterer om gjennomføringa av pengepolitikken i Pengepolitisk rapport og i årsmeldinga.

Rapporteringsplikta for banken har bakgrunn i § 75c i grunnlova om at Stortinget skal føre tilsyn med rikets pengevesen, og i § 3 i sentralbanklova. Årsmeldinga blir send til Finansdepartementet, lagd fram for Kongen i statsråd og meddelt Stortinget i kredittmeldinga frå Regjeringa. Sentralbanksjefen gjer greie for pengepolitikken i ei open høyring i Stortingets finanskomité i samband med handsaminga av kredittmeldinga.

Utviklinga i inflasjonen, justert for somme mellombelse forhold, gjev eit utgangspunkt for å vurdere rentesetjinga. Det er ein del av vurderinga at det operative målet for pengepolitikken er ein vekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent, og ikkje eit slikt nivå på inflasjonen heile tida. Det må samstundes takast omsyn til kor treffsikker det er realistisk å vente at pengepolitikken skal vere. Noregs Bank uttalte seg om det pengepolitiske mandatet i brev til Finansdepartementet av 27. mars 2001. Her heitte det blant anna:

"Dersom det oppstår vesentlige avvik mellom den faktiske prisutviklingen og målet for pengepolitikken, vil banken redegjøre for dette i årsberetningen. Det vil bli lagt særlig vekt på eventuelle avvik utenfor intervallet på +/- 1 prosentpoeng."

Publisert 29. juni 2006 14:01
Endret 5. juni 2014 11:29

Norges Banks rapporter