Finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla til Noregs Bank i arbeidet med å tryggje økonomisk stabilitet. Noregs Bank har eit særleg ansvar for å bidra til robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem. Eit stabilt finansielt system er òg viktig for å sikre finansiering og risikofordeling i samfunnet.

Noregs Bank utferdar norske setlar og myntar og sørgjer for det daglege oppgjeret i norske kroner. Rolla som utferdar av betalingsmiddel og ”bankane sin bank” gir Noregs Bank eit spesielt ansvar for å sjå til at det finansielle systemet i Noreg er stabilt.

Mandat og lovgrunnlag

Oppgåvene og ansvaret for finansiell stabilitet er forankra i sentralbanklova og i lov om betalingssystem.

Kva seier sentralbanklova?

Noregs Banks oppgåver og ansvar på dette området er forankra i sentralbanklova § 1, som seier at banken skal "fremme et effektivt betalingssystem innenlands og overfor utlandet", men banken kan òg "sette i verk tiltak som er vanlige eller naturlige for en sentralbank". § 3 seier følgjande: "Banken skal underrette departementet når det etter bankens oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter av andre enn banken." Etter lov om betalingssystem, som tredde i kraft i 2000, er Noregs Bank konsesjonsmyndigheit for avreknings- og oppgjerssystema til bankane, dei såkalla interbanksystema.

Ansvaret til Noregs Bank

Finanskrisa har vist at kostnadene ved finansiell ustabilitet er store. Ein arbeider derfor jamleg både nasjonalt og internasjonalt med sikte på å gjere institusjonar og marknader meir robuste overfor økonomiske forstyrringar. Noregs Bank har direkte og overordna ansvar for tiltak som skal avgrense risikoen i dei norske avreknings- og oppgjerssystema, men bidreg òg med råd og innspel til Finansdepartementet og Finanstilsynet når det gjeld utforming av lover og reguleringar for finanssektoren.

Arbeidsdeling mellom myndigheitene

I Noreg er arbeidet med finansiell stabilitet delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank:

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for at landet har ei velfungerande finansnæring. Departementet har òg ei viktig rolle i koordineringa av verksemda til dei tre myndigheitsorgana dersom det skulle bli ei finansiell krise.

Finanstilsynet har eit særleg ansvar knytt til soliditet, styring og kontroll i finansinstitusjonane og har direkte tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren.

Norges Bank skal bidra til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank overvakar derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Skulle det oppstå ein situasjon der den finansielle stabiliteten er trua, vil Noregs Bank og andre myndigheiter om nødvendig setje i verk tiltak som kan styrkje det finansielle systemet. Noregs Bank vil kunne tilføre ekstraordinær likviditet til enkeltbankar eller til heile banksystemet.

Både Norges Bank og Finanstilsynet har myndighetsoppgaver overfor betalingssystemer. For å klargjøre samarbeid og rollefordeling er det utarbeidet to rollenotater, en for oppgavene gitt i lov om betalingssystemer og en som spesielt omhandler verdipapiroppgjørssystemer og oppgjørssentraler.

Trepartsmøte

Det er viktig at myndigheitene har ei felles forståing av situasjonen i finansmarknadene, og at eventuelle særskilde tiltak er koordinerte. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at ein begynte med faste trepartsmøte mellom dei tre institusjonane. Finansdepartementet leier møta. Slike møte blir haldne om lag kvart halvår, oftare ved behov. I møta drøftar ein utsiktene for finansiell stabilitet. Ein drøftar òg opplegg for og erfaringar frå kriseøvingar og andre beredskapsspørsmål.

Beskrivelse av samarbeidet mellom Finanstilsynet og Noregs Bank (brev av 16. desember 2005)

Publisert 23. september 2010 20:31
Endret 6. juni 2014 10:24

Rapporter finansiell stabilitet