Mandat og oppgåver

Noregs Bank har som mål å fremje økonomisk stabilitet i landet. Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Noregs Bank forvaltar landet sine valutareservar og Statens pensjonsfond utland.

Noregs Bank er eit eige rettssubjekt og er eigd av staten. Verksemda er regulert i Sentralbanklova.

Mandat

Sentralbanklova av 1985 (Lovdata) regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift (Lovdata) til sentralbanklova.

Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom mandat for forvaltningen av Statens pensjonsfond utland (Lovdata).

Kjerneoppgåvene

Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank.

Noregs Bank skal:

  • Fremje prisstabilitet gjennom pengepolitikken.
  • Fremje finansiell stabilitet og verke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem.
  • Drive ei effektiv og tillitvekkjande porteføljestyring av Statens pensjonsfond utland og bankens eigne valutareservar.

Strategi 2017-2019 for Noregs Bank

Lave renter, moderat vekst, økt datatilfang, ny teknologi, nye og sikrere sedler, forebygging av systemrisiko og styrket sikkerhet og beredskap er blant nøkkelordene når Norges Bank nå tar fatt på en ny, treårig strategiperiode. Bak disse ordene ligger en ambisjon om å være en åpen, moderne og innovativ sentralbank, også på den internasjonale arenaen.

Strategi 2017-2019

Etiske regler

Utfyllende Etiske regler for ansatte i Norges Bank sentralbankvirksomheten
 

Publisert 8. februar 2007 13:43
Endret 10. januar 2017 14:35