Noregs Bank-bygget

Hovudkontorbygget til Noregs Bank ligg på Bankplassen i Oslo.

Noregs Bank i Oslo

Bygget er teikna av arkitektane MNAL Kjell Lund og Nils Slaatto, som vann den opne arkitektkonkurransen i 1973, og det blei innvigd 13. oktober 1986.

Bygget består av ei sentralblokk på sju etasjar med randbygg på fire–fem etasjar. Toppetasjane har skråtak med glas.

Bygget er forma etter eit struktursystem med ein modul som er broten ned til 90 cm. Underetasjane og fire topptårn er i plasstøypt betong. Over bakken er bygget sett opp av prefabrikkerte betongsøyler og betongbjelkar der fasadeelementa er monterte. Hjørnesonene er plasstøypte. Fasaden er karakterisert av glas i ein kombinasjon med raudleg Røyken-granitt eller kopar.

 

Publisert 14. mai 2003 12:52
Endret 6. juni 2011 18:30