Norges Bank

Organiseringa av IMF

Det øvste avgjerdsorganet i IMF er Guvernørrådet. Kvart land har ein medlem i Rådet. Sentralbanksjefen er norsk medlem og finansråden varamedlem. Rådet har vanlegvis eitt møte i året, IMFs årsmøte.

Drifta av fondet er delegert til eit styre som består av representantar for 24 valkretsar og med IMFs administrerande direktør som leiar. Dei fem nordiske og dei tre baltiske landa har ein felles styrerepresentant.

Den internasjonale monetære og finansielle komiteen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) fastset dei overordna politiske retningslinjene for verksemda til IMF. Komiteen møtest to gonger i året og har medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå som representerer dei 24 valkretsane.

Utviklingskomiteen er ein felles rådgivande komité for IMF og Verdsbanken, hovudsakleg med finansministrar og utviklingsministrar som medlemmer. Komiteen gir råd om viktige utviklingsspørsmål.

Stemmevekta til kvart land, både i Guvernørrådet og styret, er avhengig av kvoten landet har i IMF. Kvotane reflekterer kor viktig landet er i verdsøkonomien. Noreg har ein stemmevekt på 0,78 prosent, og den nordisk-baltiske valkretsen representerer 3,29 prosent av stemmene. Kvotane bestemmer kor mykje medlemslandet må bidra med til å finansiere IMF, og dannar utgangspunktet for kor store lån det kan få dersom det får betalingsvanskar.

Publisert 3. mai 2003 10:51
Sist endret 16. januar 2019 12:57