Norsk og nordisk-baltisk samordning
På norsk side skjer samordninga av IMF-saker gjennom nær kontakt mellom Noregs Bank og Finansdepartementet. Det er Finansdepartementet som, etter tilråding frå Noregs Bank, fastset norske politikksynspunkt i saker som skal opp i styret i IMF. Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si behandling av verdsbanksaker, blir òg trekt inn i arbeidet.
Landa i valkretsen samordnar dei overordna synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC), som har visesentralbanksjefen og finansråden som norske medlemmer. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. Det er òg etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa) med representantar for sentralbankane og finansdepartementa i valkretsen.
Heimlandet til den nordisk-baltiske styrerepresentanten har ansvaret for å samordne dei nordisk-baltiske synspunkta. I samordninga prøver ein å komme fram til felles standpunkt som styremedlemmen presenterer i IMF-styret. Stillinga som styremedlem – eksekutivdirektør – går på rundgang mellom dei nordiske og baltiske landa. Valkrinsens representant i IMFC blir vanlegvis bytt kvart år.
Innlegga frå den nordisk-baltiske representanten på møta i IMFC og på årsmøta til IMF gir uttrykk for det overordna synet valkretsen har på viktige IMF-saker.