BIS
BIS – Bank for International Settlements, eller Den internasjonale oppgjersbanken – held til i Basel i Sveits. Han blei etablert i 1930 og skulle handtere den tyske krigserstatninga etter første verdskrigen og fremje samarbeid mellom sentralbankar. BIS er eit aksjeselskap eigd av 50 sentralbankar. Noregs Bank har vore aksjonær sidan etableringa.
BIS er eit aktivt diskusjonsforum og kompetansesenter for sentralbankar og tilsynsorgan i heile verda og medverkar dessutan til forsking og internasjonal statistikk på sine område. BIS fungerer som ein bank for sentralbankane. Dette inneber først og fremst at banken gjennomfører finansielle transaksjonar for sentralbankar og internasjonale organisasjonar og hjelper til med utlån ved finansielle kriser.
BIS er òg sekretariat for viktige internasjonale forum:
- Group of Ten (G-10) blei opphavleg etablert i 1961 av dei ti industrilanda Belgia, Canada, Frankrike, Italia, Japan, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland og USA. Seinare er Spania og Sveits komne med. Hovudformålet var opphavleg å etablere ei låneordning som kunne supplere IMF med likviditet i spesielle situasjonar. Seinare er det utvikla eit nært samarbeid mellom sentralbankane i G-10-landa i form av komitear og arbeidsgrupper på mange ulike område. Sentralbankar utanfor G-10, også Noregs Bank, blir tidvis involverte i dette arbeidet. Blant dei viktigaste komiteane er Baselkomiteen (Basel Committee on Banking Supervision), som mellom anna utformar internasjonalt regelverk for kapitaldekning i finansinstitusjonar.
- Financial Stability Institute er ein støtteinstitusjon for tilsynsorgan. Instituttet arbeider for etablering og implementering av tilsynsstandardar og for kompetansebygging mellom tilsynsorgan.
- Financial Stability Forum er eit diskusjonsforum etablert i 1999 som arbeider for å sikre finansiell stabilitet, mellom anna ved utveksling av informasjon mellom nasjonale styresmakter, internasjonale organisasjonar og internasjonale ekspertgrupper.
Undersøking om aktiviteten i valuta- og derivatmarknaden
Kvart tredje år sidan 1989 har Noregs Bank gjort ei undersøking av aktiviteten i den norske valutamarknaden i samarbeid med Bank for International Settlements (BIS). Frå 2013 har Noregs Bank gjort ei årleg undersøking av den norske pengemarknaden. Sjå rapportane frå undersøkinga.