Norges Bank

Internasjonalt arbeid

Som ein liten, open økonomi er Noreg sterkt påverka av internasjonale forhold. Noregs Bank legg derfor stor vekt på å delta i og ha kontakt med internasjonale økonomiske organisasjonar.

Noregs Bank er medlem i Den internasjonale oppgjersbanken (BIS), som har til oppgåve å fremje samarbeidet mellom sentralbankar.

Noregs Bank forvaltar landets finansielle rettar og oppfyller dei tilsvarande pliktene som følgjer av deltakinga i Det internasjonale valutafondet (IMF). Noregs Bank er òg sekretariat for IMF-arbeidet i Noreg. Dette er ei oppgåve sentralbanken utfører på vegner av Finansdepartementet.

Den økonomiske utviklinga og pengepolitikken i EU gir viktige rammevilkår for norsk pengepolitikk. Noregs Bank søkjer derfor å halde regelmessig kontakt med Den europeiske sentralbanken (ESB) og med sentralbankar i EU.

Noregs Bank har òg eit utstrekt samarbeid med dei andre nordiske sentralbankane på ei rekkje felt.

BIS – Bank for International Settlements

IMF – International Monetary Fund

Publisert 29. august 2007 08:12
Sist endret 30. januar 2018 12:34