Aktuell kommentar
Innverknad på Europa frå krisa i Russland og Ukraina
- Forfatter:
- Av Eilert Husabø
- Serie:
- Aktuell kommentar
- Nummer:
- 6/2014
IMF trakk nyleg fram uroa i Ukraina som ein risiko for globale vekstutsikter. I denne kommentaren lagar vi ei kort oversikt over kanalar for innverknad og ser på moglege effektar av ei ytterlegare forverring av krisa. For dei fleste europeiske landa vil den direkte innverknaden gjennom handel og kapitalstraumar mest sannsynleg vere liten fordi dei har relativt liten eksponering mot Russland. Ein langvarig stopp i russisk gasseksport kan derimot potensielt ha stor negativ effekt på veksten i Europa. Det same gjeld dersom ei alvorleg forverring av krisa undergrev global tillit og risikohug.
Serien består av kortere, signerte artikler om aktuelle økonomiske problemstillinger, og publiseres kun på våre internettsider.