Norges Bank

Aktuell kommentar

Kva land har tent på Kinas framvekst?

Forfatter:
Eilert Husabø
Serie:
Aktuell kommentar
Nummer:
10/2012

Kinas reformperiode tok til i 1978, då Deng Xiaoping kom til makta. Under hans styre byrja prosessen med å opne den kinesiske økonomien for handel med omverda. I denne perioden har Kina opplevd ein økonomisk vekst utan sidestykke, med 9 prosent årleg vekst i BNP per capita i gjennomsnitt. Følgjene har vore enorme, både for den kinesiske befolkninga og for resten av verda. Ein halv milliard kinesarar er løfta ut av fattigdom og prosentdelen av befolkninga som lever under fattigdomsgrensa har falle frå 84 til 16 prosent. Ein så stor og rask reduksjon i tal på fattige er utan historisk sidestykke (Verdsbanken 2009). I desember 2011 var det 10 år sidan Kina blei med i Verdas  handelsorganisasjon (WTO). I løpet av desse åra har Kina innteke ei sentral rolle i verdsøkonomien, og gjekk i 2010 forbi Japan som verdas nest største økonomi. I denne kommentaren ser vi nærare på dei viktigaste kanalane for samspelet mellom Kina og resten av verda, med hovudvekt på utviklinga i Kinas import.

Serien består av kortere, signerte artikler om aktuelle økonomiske problemstillinger, og publiseres kun på våre internettsider.

Publisert 25. mai 2012 14:46
Publisert 25. mai 2012 14:46