Norges Bank

Rundskriv 8/2012

Prisar i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) for 2013

[UTGÅTT]

Bankane betaler for sin deltaking i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) etter avtale mellom kvar bank og Noregs Bank om kontohald, oppgjer og pant. Prisane for oppgjerstenester skal dekke den delen av kostnadene for innføring og drift av oppgjerssystemet som gjeld bankane. Prisstrukturen er forklart i rundskriv nr. 13/30. oktober 2009 om prisar i Noregs Banks oppgjerssystem for 2010.

Prisane for 2012 blir ført vidare utan endringar i 2013. Prisane for 2013 går fram av tabellen nedanfor.

Betalinga frå bankane for kontohald og deltaking i betalingsoppgjer, samt faste prisar for pantsetjing for lån, forfell til betaling kvar månad på etterskot og vil bli belasta kontoen for banken i NBO automatisk andre bankdag månaden etter. Prisar for endring av pant, søknad om godkjenning av nytt verdipapir som pant og kostnader i verdipapirregister vil bli fakturert særskild og forfell til betaling kvar månad på etterskot. Årleg pris for avtale om beredskapskonto blir fakturert særskild.

Prisar i oppgjerssystemet til Noregs Bank (NBO) for 2013

Alle prisar i kroner

Deltaking/tenestePrisar
Faste prisar Pris per månad
Bankar i gruppe A1 * 180 000
Bankar i gruppe A2 * 65 000
Bankar i gruppe B ** 9 000
   
Tillegg for bankar som deltek i verdipapiroppgjeret (VPO) 50 000
Tillegg for bankar med pant i utlandet 25 000
  Pris per år
Avtale om beredskapskonto*** 5 000
   
Variable prisar Pris per transaksjon
Endring i behaldning av pant i VPS 320
Endring i behaldning av pant i utlandet 530
Søknad om godkjenning av nytt pant i VPS 2 100
Søknad om godkjenning av nytt pant i utlandet 4 200
   
Tilknytningsprisar Eingongspris
Bankar 10 000

 

* Gruppe A
Bankar med kontoar som blir nytta aktivt til ein eller fleire av følgjande oppgjersfunksjonar: Oppgjer av avrekningar frå Norwegian Interbank Clearing System (NICS), direkte deltaking i oppgjer i det internasjonale valutaoppgjerssystemet Continuous Linked Settlement (CLS) eller har inngått avtale om å bruke Scandinavian Cash Pool (SCP). Bankar i gruppe A blir delt i følgjande to undergrupper: Bankar som er direkte oppgjersdeltakar i CLS og/eller har avtale om å bruke SCP (undergruppe A1) og andre bankar i gruppe A (undergruppe A2).

** Gruppe B
Andre bankar med konto i NBO enn bankar i gruppe A.

*** Beredskapskonto
Banker som ikkje har ordinær konto i Noregs Bank kan inngå avtale om å opprette beredskapskonto. Beredskapskontoen kan ikkje brukast til oppgjer av betalingsoppdrag før den er aktivisert av Noregs Bank.

Publisert 31. oktober 2012 09:00
Endret 10:38