Norges Bank

Pressemelding

Valutatransaksjonar i november 2022

Noregs Bank vil kjøpe valuta på vegner av staten tilsvarande 3700 millionar kroner kvar dag i november 2022.

Den norske stat har inntekter frå petroleumsverksemda i både kroner og valuta. Ein del av desse inntektene blir kvart år brukt til å dekke eit planlagt underskot på statsbudsjettet, det oljekorrigerte underskotet. Resten blir spart i valuta i Statens pensjonsfond utland (SPU). På oppdrag frå Finansdepartementet gjennomfører Noregs Bank dei naudsynte valutatransaksjonane knytta til bruken av petroleumsinntekter over statsbudsjettet og til sparing i SPU.

Meir om petroleumsfondsmekanismen og valutatransaksjonane på vegner av staten

Kontakt:

Pressetelefon: 21 49 09 30
E-post: presse@norges-bank.no

Publisert 31. oktober 2022 10:00